Landbruk

Landbruk

Generelt

Omtale

Ullensvang, Eidfjord, Odda og Kvam har i fleire år samarbeidd om landbruksfaglege tenester ved at Ullensvang herad har arbeidsgjevaransvaret for alle dei tilsette på landbrukskontoret. Dei tre andre kommunane kjøper landbruksfaglege tenester i større og mindre grad frå Ullensvang herad.

I dag er det tilsaman 3,6 årsverk knytte til landbrukskontoret. Av dette kjøper Odda kommune landbruksfaglege tenester tilsvarande 50 % stilling, Eidfjord kommune tilsvarande 20 % stilling og Kvam herad 40%.

Oppgåver som ligg til landbrukskontoret:

  • Forvalting av tilskotsordningane i jord- og skogbruk. Dette gjeld mellom anna produksjonstilskot i jordbruket, BU-tilskot, spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL), regionale miljøtilskot (RMP), organisert beitebruk og tilskot til skogkultur/bruk av skogfond  m.fl.
  • Handsaming av saker etter jord- og skoglova. Dette kan vera søknader om løyve til deling av landbrukseigedom, løyve til omdisponering eller løyve til nydyrking etter jordlova, løyve til å byggja landbruksvegar, dette gjeld både jord- og skogsvegar.
  • Handsaming av saker etter konsesjonslova.

Pr. i dag har me fylgjande ansvarsførdeling mellom dei tilsette:

  • Trine Hilstad  (tlf: 477 13 576) - ansvar for det meste av tilskotsforvaltinga som gjeld produksjonstilskot, velferdsordningar, SMIL-ordninga, bruk av skogfond og skoglovssaker m.fl., retting av gardskart mm.
  • Rannveig Børve (tlf: 466 22 997) – ansvar for dei fleste jordlov- og konsesjonssakene, BU-saker, avlingssvikt mm.
  • Ingrid Riise (tlf: 479 08 067) – ansvar for autorisasjon plantevern, tilskotsforvalting som gjeld veterinærar, BU-saker mm.
  • Rolf Erling Loe (tlf: 976 15 835) – ansvar for regionale miljøtilskot (RMP), organisert beitebruk og viltsakene. Han har òg ansvar for skogsakene i Kvam herad.

Sjølv om me har delt ansvaret for oppgåvene oss i mellom, er det mykje overlapp i saksfelta. T.d. arbeider alle med å handsama søknader om produksjonstilskot.

Sidan me arbeider i fleire kommunar, er me ikkje alltid tilstades på heradshuset i Kinsarvik. De er likevel velkomne til å ta kontakt med oss alle dagar!