Eigenfråsegn om konsesjonsfritak

Eigenfråsegn om konsesjonsfritak

Generelt

Omtale

All overtaking av fast eigedom er konsesjonspliktig med nokre unnatak. I dei tilfelle der det er fritak for konsesjon skal kjøpar og seljar fylle ut og underteikne eigenfråsegnskjema.

Føremål

Regulera og kontrollera omsetting av fast eigedom.

Målgruppe

Eigenfråsegn om konsesjonsfritak kan nyttast ved overdraging av:

 

  • ubebygde tomter under 2 dekar
  • tomt som i kommuneplan, reguleringsplan eller utbyggingsplan er utlagt til byggeområde. Tomteinndelinga er utførd eller godkjent av bygningsstyremaktene.
  • andre ubebygde areal som i reguleringsplan er lagt ut til andre formål enn landbruk.
  • areal som i arealdelen av kommuneplanen er utlagt til byggeområde.
  • bebygde eigedommar der det totale arealet er under 100 dekar og det dyrka arealet er under 20 dekar.
  • konsesjonsfritak på grunn av ekteskap/slektskap/svogerskap.

Vilkår

Kjøparen må stadfesta at:

  • ubebygde tomter skal bebyggast innan 5 år.
  • bruken av eigedommen ikkje blir endra i strid med plan.
  • reglane om bu- og driveplikt på landbrukseigedommar skal oppfyllast.


Saksgang

Utfylt og underteikna skjema skal sendast Ullensvang herad.

Velg rett skjema

Kommunen skal stadfesta på eigenfråsegna at overdragninga er konsesjonsfri og ikkje fører til deling av driftseining jf. jordlova § 12. Eigenfråsegna skal deretter sendast som vedlegg til skøyte når den vert sendt til tinglysing hjå Hardanger  Tingrett, Lofthus, 5781 Lofthus. Ingen sakshandsamingstid i kommunen dersom tilhøva ligg til rette for å nytta eigefråsegn om konsesjonsfritak og skjema er riktig utfylt. Gebyrfri teneste