Driftsbygningar, planlegging

Driftsbygningar, planlegging

Generelt

Omtale

Tidlegare planlagde Fylkesmannen si landbruksavdeling driftsbygningar i landbruket. Ikkje minst galdt dette teikningar og kostnadsoverslag. Dette vart privatisert i 2007 og no er det Forsøksringen i Hordaland som tilbyr desse tenestene både her i distriktet og elles i fylket. Ein vil og nemna at Landbrukets Forsøksringer nyss har gått inn i Norsk Landbrukssamvirke og heretter er det overordna namnet Norsk Landbruksrådgjeving.Frå kommunal side vil ein peika på at dette ser ut til å verta eit greitt tilbod for bøndene. Ein vil ha ei fast adresse og eit etablert system å halda seg til. Me ventar difor eit fagleg høgt nivå på desse tenestene. Timesatsen er kr.450,- pr time for medlemer i Forsøksringen.
Forsøksringen i Hordaland tilbyr også økonomisk rådgjeving- driftsplanlegging. På dette feltet er her og private tilbydarar som gjer ein god jobb.


For meir informasjon, kontakt landbrukskontoret for Ullensvang, Odda og Eidfjord.