Bygdeutviklingsmidlar

Bygdeutviklingsmidlar (BU)

Generelt

Omtale

Gjennom lansdbruksavtalen vert det avsett midlar for å fremja lønsam og berekraftig næringsutvikling på bygdene. Midlane skal nyttast til prosjekt som mellom anna utviklar samspel mellom landbruk og nye næringar. Verkemidla vert spesielt retta mot kvinner og ungdom og prosjekt som er miljøvennlege.

Midlane omfattar ordningar som:

  • Etablerarstipend
  • Etablerartilskot
  • Bedriftsutvikling
  • Investeringar i jord-, hagebruk og i tilleggsnæringar
  • Andre tiltak

Mågruppe

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist for desse ordningane, og søknadene vert handsama etter som dei vert innsendt til kommunen. Landbrukskontoret er hjelpsam med råd og innspel i samband med utfylling av søknaden.