Søknad om konsesjon

Søknad om konsesjon

Generelt

Skjema

Skjema hjå Landbruksdirektoratet

Omtale

Om du skal kjøpa fast eigedom eller leiga eigedom for meir enn 10 år, må du som regel søkja heradet om konsesjon. Erverv av landbrukseigedom med totalareal 100 daa eller meir eller der det totale dyrka arealet er større enn 20 daa er konsesjonspliktig. Handsaming av søknader skjer etter konsesjonslova.

Føremål

Å regulera og kontrollera omsetninga av fast eigedom. Det er viktig å ha eit effektivt vern om landbrukets produksjonsareal og slike eigar- og brukstilhøve som er mest ganglege for samfunnet. Det skal m.a. tilgodesjåast:

  • framtidige generasjonar sin trong
  • landbruksnæringa
  • trongen for utbyggingsgrunn
  • omsynet til miljøet
  • allmenne naturverninteresser og friluftsinteresser
  • omsynet til busetting

Målgruppe

Kjøpar av landbrukseigedom og/eller landbruksressursar og i høve der eigenfråsegn om konsesjonsfritak ikkje kan nyttast.

Saksgang

Det må søkjast på skjema SLF-0359N: Søknad om konsesjon overtaking av fast eigedom som kjøpar/ seljar skal underskrive innan 4 veker etter at kjøpet vart inngått. Saman med søknad om konsesjon skal det leggast ved kopi av kjøpekontrakt eller skøyte samt kartutsnitt som syner den omsøkte eigedomen.

Konsesjonssøknad skal sendast Ullensvang herad som handsamar saka. Søknaden vert lagt fram til politisk handsaming.

Klagerett

Heradet har avgjerdsmynde og klageinstans er Fylkesmannen i Hordaland. Konsesjonssøkjar har klagerett og eventuelle klager vert teke opp til ny handsaming i heradet. Dersom klagen ikkje vert teke til
fylgje vert klagen oversendt klageinstans.

Sakshandsamingstid

Førebels svar : 3 veker. Max handsamingstid: 3 mnd.

Pris for tenesta

Minimumssats er kr 750,-. For øvrig er det 3 promille av kjøpesum inntil 1 million kr, 2 promille av overskytande beløp. MAX- gebyr kr 15 000.