Bu- og driveplikt på landbrukseigedom

Bu- og driveplikt på landbrukseigedom 

Generelt

Omtale

Landbruksmyndighetene kan frita frå bu- og driveplikt. Formålet med bu- og driveplikta er i første rekkje å halde oppe busetnaden og sikre at produksjonsareala blir haldne i hevd.

Normalt gjeld følgjande ved overtaking:

  • Konsesjonsfri overtaking: Den nye eigaren må busetje seg på eigedommen innan 1 år og bu der og drive eigedommen i minst 5 år.
  • Overtaking ved odelsløysing: Bu- og driveplikta er på 10 år. Konsesjonspliktig overtaking: Kommunen vurderer i kvart einskild høve om det er nødvendig med personleg bu- og driveplikt for den nye eigaren.

Målgruppe

Personar som har teke over ein eigedom med bu- og driveplikt.

Kriterium/vilkår

Fritak frå bu- og driveplikta blir avgjort ved skjønn. Ein skal leggje særleg vekt på omsynet til busetnad og livssituasjonen til søkjaren. og dette skal vege tyngre enn for eksempel storleiken på eigedommen, moglegheiter for avkastning og husforholda på eigedommen.

 

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Odelslova §§ 27–29 Konsesjonslova § 5, 6 og 11
 

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan kontakte kommunen for åfå hjelp til å søkje om fritak for eller utsetjing av bu- og driveplikta.

Vedlegg

Kart over eigedommen

Søknadsfrist

Søknad om utsetjing eller fritak må sendast innan 1 år frå overtakingsdatoen.

Saksbehandlingstid

Heradet har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når du kan vente at det blir gjort eit vedtak.

Søknadsbehandling

Frå 1. januar 2004 fekk heradet utvida styringsrett til også å avgjere saker etter blant anna odels- og konsesjonslova. Det er no heradet som gjer vedtak som første instansen i desse sakene.

Moglegheit til klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Heradet vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er fylkeslandbruksstyret. Før klaga blir send dit, skal den instansen i heradet som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Blir vedtaket ståande, vil saka bli sendt til fylkeslandbruksstyret.