Skogbruket - tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket

Skogbruket - tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket

Generelt

Omtale

Formålet med tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket er å stimulere til auka verdiskaping i skogbruket, samstundes som miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne i skogen blir ivaretatt og vidareutvikla. Du kan søkje om desse tilskotta:
  • tilskott til skogkultur
  • tilskott til vegbygging
  • tilskott til miljøtiltak i skog
  • tilskott til tynning og drift av skogsvirke med taubane, hest, mv.
  • tilskott til andre aktivitetsfremjande tiltak i skogbruket

Målgruppe

Skogeigarar som har meir enn 10 daa produktiv skog.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Jordlova §§ 3 og 18

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Søknad om tilskott til skogkultur, vegbygging eller miljøtiltak i skog skrivast på skjema utarbeidd av Landbruks- og matdepartementet. Ved søknad om tilskott til drift med taubane, hest, o.a., ta kontakt med Fylkesmannen for vidare informasjon. For andre tiltak i skogbruket, ta kontakt med kommunen.

Saksbehandlingstid

Kommunen/Fylkesmannen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein ventar at vedtaket vil bli gjort.

Søknadsbehandling

Fylkesmannen gjer vedtak om tilskott til bygging av veg og til tynning og drift av skogsvirke med taubane, hest o.a. Elles er det kommunen som gjer vedtaka.

Moglegheit til klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstans er Fylkesmannen for vedtak gjort av kommunen og Statens landbruksforvaltning for vedtak gjort av Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.