Retningsliner for Ullensvang viltfond

Retningsliner for Ullensvang viltfond

Vedteke av natur- og resursutvalet i sak 54/2001.

1 Føremål

Midlar frå Ullensvang viltfond skal vere med å skape økonomisk bakgrunn for å fremje viltforvaltinga i kommunen.

2 Definisjon

Ullensvang viltfond er eit bunde driftsfond som kommunen forvaltar til viltføremål innanfor dei rammer forskrift om kommunale viltfond og fellingsavgift for elg og hjort (23. mai 2001) fastset.

3 Disponering av fondet

Disponering av det kommunale viltfondet er Ullensvang herad sitt ansvar, og skal brukast til viltrelatert arbeid i kommunen og er ikkje avgrensa til hjortevilt.

Fondet kan brukast til:

  • Dekke heradet sine utgifter til ettersøk, handtering av skadd vilt og fallvilt.
  • Tiltak for å førebyggje skade på landbruksnæring som skuldast hjortevilt.
  • Tiltak for å fremje viltforvaltning, styrke kunnskapen om viltet, jaktorganisering og liknande i kommunen og i nabokommunen gjennom samarbeid i regi av organisasjonar, enkelt­personar eller kommunen sjølv.

Fondet kan ikkje brukast til:

  • Heradet si administrasjon av viltforvaltinga.
  • Erstatning for skade som skuldast vilt.
  • Skotpremie.

4 Forvaltning

Natur- og resursutvalet er styre for fondet. Fondstyret kan delegere vidare mynde til rådmann. Fondsmidlane skal plasserast på renteberande konto slik at fondet er disponibelt til ei kvar tid. Renter og avdrag vert ført attende til fondet.

Fastsetjing av fellingsavgifter er tillagt fondsstyret. Fondsstyret kan delegere dette myndet vidare til rådmannen, for å lette arbeidet med felles fellingsavgiftsssatsar i distriktet.

5 Tildeling av midlar frå fondet

Renteavkasting pluss årlege inntekter dannar rammen for tildeling av tilskot. Det kan tildelast midlar frå viltfondet til lag, organisasjonar, verksemder og einskildpersonar.

Når det er aktuelt å tildele midlar frå fondet skal dette gjerast kjent for ålmenta i god tid før søknadsfristen 01.02.

Tilskot skal primært ytast til tiltak av lokal karakter og som ikkje lett kan få statstilskot.

Tilskot vert gjeve etter søknad og på grunnlag av godkjende kostnadsoverslag og at krava til søknad er oppfylde.

Tilskot kan gjevast med inntil 50% av kostnadsoverslaget.

 

a) Krav til søknad

Søknad om støtte frå fondet må fremjast skriftleg før tiltaket vert sett i verk.

Søknaden skal innehalde (minimumskrav):

  • Kva tiltaket går ut på, søkjaren si utgreiing og vurdering av tiltaket.
  • Opplysningar om søkjaren.
  • Investerings- og finansieringsplan.
  • Framdriftsplan
  • Kven som er deltakarar og skal utføre arbeidet

 

b) Utbetaling

Før tilskot kan utbetalast, må fylgjande føresetnader vere oppfylde:

1. Tiltaket må vere fullfinansiert.

2. Rapport og revidert rekneskap skal vere godkjend av Ullensvang herad.

3. Krav som vert stilt i gjeldande lover, forskrifter og standardar skal vere oppfylde og naudsynte godkjenningar må liggje føre.

 

c) Gjennomføring av tiltak

Frist for gjennomføring av tiltaket er normalt 2 år (tilsagnsåret + eit heilt kalenderår). 

Administrasjonen får fullmakt til å godkjenne 1 år utsetjing av frist for gjennomføring av tiltaket, etter søknad. Utsetjing utover dette skal handsamast av fondsstyret.

Dersom det oppstår tilhøve som er i strid med føresetnadene for støtta, kan Ullensvang herad avgjere at tilskot skal løysast inn heilt eller delvis.

Krav om innløysing av tilskot kan ikkje setjast fram seinare enn 5 år etter utbetaling.

 

d) Sakshandsaming og klage/anke

Støtte innanfor rammene kan gjevast av fondsstyret. Større prosjekt må handsamast av kommunestyret, og helst gjennom handlingsprogram og budsjett.

Klage på kommunale vedtak skal handsamast av fylkesmannen, jmf. Viltlova § 4 siste ledd.

Fondsstyret står fritt til å vurdere tilskotsstorleik innan gjeldande rammer.

 

6 Satsar for godtgjersla i samband med ettersøk, avliving, ivaretaking og frakt av skadd vilt, samt satsar for omsetjing av vilt som er det kommunale viltfondet si eigedom   

Ettersøkslaget vert honorert for ettersøk, avliving, evnt. slakting, frakt m.m. av skada vilt og fallvilt, i samsvar med føresegnene i Rundskriv 5/1993- i frå DN. punkt 3.3.1.

Fallvilt og skadevilt skal om mulig mogleg omsetjast i marka til jeger eller verte teken på kvote til rettshavar, etter satsane tilsvarande engrospris for klasse E+ for ku og okse. Om dette ikkje lar seg gjera, kan andre verte førespurd om å ta kjøtet på same vilkår.