Kriseteamet

Kontaktinformasjon Kriseteamet

  • LEGEVAKT TELEFON, 53 64 80 10
  • Lofthus legekontor, 53 67 13 80
  • Utne legekontor, 53 67 13 40
  • Lensmannen i Ullensvang, 53 67 10 50
  • Politiet i Odda, 53 65 15 00
  • Politi og redningssentral, 112
  • Medisinsk naudhjelp, 113

Beredskapstelefon

Akutte hendingar

Tlf: 911 93 437

Nødplakat

Nødplakaten til Kartverket er gratis, og alle kan lage sin eigen nødplakat på PC-en.

  1. Klikk deg inn på Kartverkets noregskart (lenke lenger nede på siden)
  2. Zoom deg inn i kartet (eller bruk søkefeltet) og klikk på den eksakte staden du vil markere, til dømes hytta di
  3. Vel "Lag nødplakar" i menyen som dukkar opp og godta vilkåra
  4. Gi punktet ditt eit namn (til dømes "Hytta vår" og vel rett stadnamn
  5. Huk av at rett stadnamn er vald og klikk på "Last ned"
  6. Du får no ei pdf-fil som du kan ta utskrift av
  7. Heng utskrifta opp ein stad ho er lett å finne

Sett i gang - gå til norgeskart.no og lag nødplakat.

Kriseteamet i Ullensvang

Kriseteamet i Ullensvang

Generelt

Omtale

Når det oppstår ”akutt krise” som brå ulykker/ alvorlege hendingar der få personar er involvert, der behovet for hjelp er større enn det som vert dekka av ordinær vaktberedskap, vil kriseteamet i heradet yta tenester. Kriseteamet er ein ressurs for innsatspersonell ved legevakt, politisentral og sjukehus.

Lov om helseteneste i kommunane og lov om helsemessig og sosialberedskap skal sikra at alle får naudsynt helsehjelp. Dette og auka forståing for psykososiale problem i kjølvatn av kriser og katastrofer er bakgrunn for oppretting av slike team i mange norske kommunar.

 Forholdet til den kommunale kriseleiinga (KKL)

Ved større ulukker og katastrofer i heradet vil og den kommunale kriseleiinga verta samla. Den kommunale kriseleiinga er sett saman av; ordførar(leiar), rådmann og den kommunale leiargruppa. I mange tilfelle vil kriseleiinga aktivisera kriseteamet for oppfølging og hjelp av enkeltpersonar.

Kontaktinformasjon Kriseteamet

  • LEGEVAKT TELEFON, 116117
  • Lofthus legekontor, 53 67 13 80
  • Utne legekontor, 53 67 13 40
  • Lensmannen i Ullensvang, 53 67 10 50
  • Politiet i Odda, 53 65 15 00
  • Politi og redningssentral, 112
  • Medisinsk naudhjelp, 113

AMK, legevakt eller politi tek kontakt med leiar i Kriseteamet.

Kriseteamet kan i kontortida kontaktast på telefon 53 67 15 00.

Utenom kontortid vil Kriseteamet verta kontakta av Legevakt, AMK eller Politi.