Ullensvang Herad har ein heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse og ein overordna beredskapsplan for krisehandtering. Det er laga delplanar, rutinar og instruksar som skal følgjast om det oppstår ulike typar uønskte hendingar.
Kontaktinfo til den kommunale kriseleiinga (KKL).
Arbeidsdagar frå 09.00 - 14.30 53 67 15 00
Telefonnummer ved akutte kriser og hendingar i heradet: 911 93 437
KKL er sett saman slik:
- Leiar: Rådmann
- Operasjon/nestleiar: Beredskapskontakt
- Informasjon: Ordførar
- Personell krise: HR-sjef
- Personell ordinær drift: Fellestenester
- Etterretning: Teknisk
- Logistikk: Teknisk
- Dokumentasjon/Logg ansvarleg: Helsestasjonen
Mål for beredskapsarbeidet
- Vi skal til ei kvar tid ha oversyn over risikofaktorane i Ullensvang herad.
- Vi skal arbeida fortløpande med å hindra at ulukker skjer ved å syta for at det vert sett i verk risikoreduserande tiltak.
- Arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap skal vera godt forankra både politisk og administrativt og ha fokus i heile organisasjonen i Ullensvang herad.
- Ullensvang herad skal vera budd på krisesituasjonar, slik at vi kan handtera uønskte hendingar, kriser og ulukker raskt og effektivt, og slik minskar omfang og konsekvensar.
- Vi skal skal sikra tilstrekkeleg kompetanse på alle nivå i kriseberedskapen gjennom regelmessige øvingar, oppdatert planverk og nødvendig informasjon