Kontaktopplysningar

Ullensvang herad

Sentralbord ope      09:00 - 14:30

Ekspedisjonen open 09:00 - 14:30

Tlf 53 67 15 00

Fax 53 67 15 81

Viktige telefonar

postmottak@ullensvang.herad.no

Post: 5780 KINSARVIK 

Org. nummer 964 967 903

Søk

Kriseteamet

Kontaktinformasjon Kriseteamet

  • LEGEVAKT TELEFON, 53 64 80 10
  • Lofthus legekontor, 53 67 13 80
  • Utne legekontor, 53 67 13 40
  • Lensmannen i Ullensvang, 53 67 10 50
  • Politiet i Odda, 53 65 15 00
  • Politi og redningssentral, 112
  • Medisinsk naudhjelp, 113

Kriseteamet i Ullensvang

Kriseteamet i Ullensvang

Generelt

Omtale

Når det oppstår ”akutt krise” som brå ulykker/ alvorlege hendingar der få personar er involvert, der behovet for hjelp er større enn det som vert dekka av ordinær vaktberedskap, vil kriseteamet i heradet yta tenester. Kriseteamet er ein ressurs for innsatspersonell ved legevakt, politisentral og sjukehus.

Lov om helseteneste i kommunane og lov om helsemessig og sosialberedskap skal sikra alle norske statsborgarar naudsynt helsehjelp. Dette og auka forståing for psykososiale problem i kjølvatn av kriser og katastrofer er bakgrunn for oppretting av slike team i mange norske kommunar.

Kriseteamet er samansett av

  • Leiar: einingsleiar i helse- og velferd
  • Nestleiar: Kommunelege
  • Andre medlemer: psykiatrisk sjukepleiar, leiande helsesøster, sjefsfysioterapeut, sosialleiar, soknepresten, leiar pleie- og omsorg aust og vest. Fastlegen til pasienten vil og kunne verta trekt inn i arbeidet til kriseteamet.

 Forholdet til den kommunale kriseleiinga (KKL)

Ved større ulukker og katastrofer i heradet vil og den kommunale kriseleiinga verta samla. Den kommunale kriseleiinga er sett saman av; ordførar(leiar), rådmann og den kommunale leiargruppa. I mange tilfelle vil kriseleiinga aktivisera kriseteamet for oppfølging og hjelp av enkeltpersonar.

Kontaktinfo til den kommunale kriseleiinga (KKL).

Arbeidsdagar frå 09.00 - 14.30 53 67 15 00

Telefonnummer ved akutte kriser og hendingar i heradet: 911 93 437

Kontaktinformasjon Kriseteamet

  • LEGEVAKT TELEFON, 53 64 80 10
  • Lofthus legekontor, 53 67 13 80
  • Utne legekontor, 53 67 13 40
  • Lensmannen i Ullensvang, 53 67 10 50
  • Politiet i Odda, 53 65 15 00
  • Politi og redningssentral, 112
  • Medisinsk naudhjelp, 113

AMK, legevakt eller politi tek kontakt med leiar i Kriseteamet.

Publikum kan og ta direkte kontakt med andre i Kriseteamet. Ei slik melding vil vert vurdert av den som har fått meldinga i samråd med leiar.

Kriseteamet kan i kontortida kontaktast på telefon 53 67 15 00.

Utenom kontortid vil Kriseteamet verta kontakta av Legevakt, AMK eller Politi.