Kontrollutvalet

Kontrollutvalet

Generelt

Omtale

Kontrollutvalet i Ullensvang herad har fem medlemmer, og ein av medlemane skal veljast blant heradsstyret sine medlemmar. I Ullensvang herad finn ein følgjande medlemmer for valperioden 2015 - 2019:

Medlemmer:                                 Nummererte varamedlemmer:
1. Anders Djønne, leiar                1. Kari Herstad
2. Torgeir Alvsåker, nestleiar        2. Gard Hjørnevik Risan
3. Eli Utne Lillevik                         3. Jarle Kråkevik
4. Torbjørn Bjotveit                       4. Ragnhild Reisæter
5. Olaug Askeland                       5. Steinar Langesæter

Kjartan Haugsnes, sekretær for utvalet  (90 18 95 42,  Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.)

Kontrollutvalet er heradsstyret sitt eige kontroll- og tilsynsorgan.

Det er heradsstyret som vel representantane til kontrollutvalet. Utvalet har 5 medlemer. Minst ein av desse skal vera medlem av kommunestyret, og dette er i inneverande valperiode leiar i kontrollutvalet Anders Djønne. Medlemane og varamedlemane i kontrollutvalet kan ikkje vere representerte i andre politiske utval.
Kontrollutvalet er heimla i kommunelova §77 og forskrift om kontrollutval. Utvalet har normalt frå 4 til 5 ordinære møte pr. år. Møta i kontrollutvalet er opne for publikum.

Utvalet har følgjande oppgåver:

- Sjå til at heradet sin rekneskap vert revidert på ein trygg måte

- Sjå til at det vert ført kontroll med at forvaltning av økonomien vert utført i samsvar med gjeldande bestemmelsar og vedtak

-Sjå til at det vert gjennomført systematisk vurdering av økonomi, produktivitet og måloppnåing (forvaltningsrevisjon)

-Sjå til at det vert ført kontroll med forvaltning av heradet sine interesser i selskap mm.

Kontrollutvalet skal rapportera resultatet av arbeidet sitt til heradsstyret.


Ullensvang herad har avtale med Indre Hordaland Revisjonsdistrikt om revisjonstenester. Revisjonstenestene omfattar rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon, selskapskontroll i selskap som heradet har eigarinteresser i, og andre kontroll- og tilsynsoppgåver i regi av kontrollutvalet.
Ullensvang herad kjøper sekretariatstenester for kontrollutvalet frå Sekretariat for kontrollutvalet i Hordaland fylkeskommune. Sekretariatstenestene omfattar mellom anna saksførebuing for kontrollutvalet, møteinnkalling og saksoppfølging etter møta. Til dømes føring av møteprotokoll og iverksetjing av vedtak. Sekretariatsfunksjonen for kontrollutvalet er direkte underlagt kontrollutvalet. Sekretariatet pliktar å følgja utvalet sine retningslinjer og pålegg. Dersom du ynskjer kontakt med sekretariatet for kontrollutvalet i Ullensvang herad, kan du sende ein epost til: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Innkallingar og referat finn du i politikarportalen her.

Lover og retningsliner

Gjeldande lov - og regelverk

Lov om kommuner og fylkeskommuner av 25.09.1992 (kommunelova) kapittel 12, særleg § 77

Forskrift om kontrollutvalg i kommuner og fylkeskommuner