Folder Kommunale plandokument

Planstrategi er ein plan for planane. Kommunestyret skal i byrjinga av kvar valperiode ta stilling kva tema kommunen skal satsa på og kva planar som skal prioriterast for å følgja strategien.

Kommuneplan er ein overordna plan for kommunen med sikte på å samordna den fysiske, økonomiske, sosiale, estetiske og kulturelle utvikling i kommunen. Kommuneplanen består av ein langsiktig (normalt 10-12 år) og ein kortsiktig del (normalt 4 år).

Kategorier

Folder Bustadpolitisk handlingsplan 2013-2017

Bustadpolitisk handlingsplan 2013-2017

Ullensvang herad sin bustadpolitiske handlingsplan er ein temaplan som følgjer opp Kommuneplan for 2011-2022. Temaplanen er eit verktøy for vidare utvikling av bustadareala i heradet og tek stilling til statlege, regionale og lokale vurderingar og retningslinjer.

Folder Energi- og klimaplan (2011-2015)

Energi- og klimaplan (2011-2015)

Alle kommunar i landet må klimaplanleggje slik at klimagassutsleppa kan gå ned. Lokalpolitikarane kan til dømes planleggje arealbruken slik at folk ikkje treng å køyre bil så ofte. Dei kan leggje til rette for meir bruk av buss og bane og sørgje for betre avfallshandtering.

Regjeringa har lagt fram ei statleg planretningsline som pålegg alle kommunar å inkludere klima og energi i sine kommuneplanar. Slik vil regjeringa klargjere sine forventingar til klimainnsatsen i kommunane.

 

Folder Kommuneplan

Kommuneplan

Kommuneplan er ein overordna plan for kommunen med sikte på å samordna den fysiske, økonomiske, sosiale, estetiske og kulturelle utvikling i kommunen. Kommuneplanen består av ein langsiktig (normalt 10-12 år) og ein kortsiktig del (normalt 4 år).

Folder Kystsoneplan

Kystsoneplan

Kystsoneplanlegging er planlegging etter plan- og bygningslova i sjøområder ut til ein nautisk mil utanfor grunnlinene.

Aktuelle arealformål, hensynssoner og føresegn for arealdelen er lista opp i § 11–7 og utover.

Folder Ruspolitisk handlingsplan

Ruspolitisk handlingsplan

Etter alkohollova § 1-7d er kommunen pålagt å utarbeida ein alkoholpolitisk handlingsplan. I dei fleste tilfelle er det naturleg å sjå alkohol- og narkotikapolitikken i samanheng og det vert anbefalt at kommunane utarbeidar ein heilskapleg ruspolitisk handlingsplan der den alkoholpolitiske planen inngår.

Folder Trafikksikringsplan (2009)

Trafikksikringsplan (2009)

Heradsstyret i Ullensvang gjorde 04.10.1999, sak 65/99, vedtak om å utarbeida trafikksikringsplan etter nye retningsliner og signal frå sentrale styresmakter. Planen skal ha status som kommunedelplan etter føresegnene i Plan- og bygningslova, og erstattar den gamle trafikksikringsplanen frå 1993. Planen vart politisk vedteken våren 2001.

Folder Verneplan for Folgefonna (2005)

Verneplan for Folgefonna (2005)

Vern av Folgefonna nasjonalpark i Etne, Kvinnherad, Odda og Jondal kommunar og Ullensvang herad i Hordaland fylkeFastsett ved kongeleg resolusjon 29. april 2005 med heimel i lov 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 3, jf. § 4 og §§ 21, 22 og 23. Fremma av Miljøverndepartementet.

Oppføringer

pdf Gebyrregulativ 2019 Populær

Av 759 nedlastinger

Last ned (pdf, 514 KB)

Gebyrregulativ 2019.pdf

pdf Gebyrregulativ 2019 Populær

Av 322 nedlastinger

Last ned (pdf, 592 KB)

Gebyrregulativ 2019 (1).pdf

pdf Gebyrregulativ 2019

Av 67 nedlastinger

Last ned (pdf, 514 KB)

Gebyrregulativ 2019.pdf

pdf Okoplan budsjett 2019 2022 HST

Av 83 nedlastinger

Last ned (pdf, 1.11 MB)

Okoplan_budsjett_2019_2022_HST.pdf

pdf Økonomiplan budsjett 2019 2022 FSK Populær

Av 308 nedlastinger

Last ned (pdf, 1.16 MB)

Økoplan_budsjett_2019_2022_FSK.pdf

pdf Økoplan budsjett 2019 2022 ADM Populær

Av 788 nedlastinger

Last ned (pdf, 1.10 MB)

Økoplan_budsjett_2019_2022_ADM.pdf