Kommunale avgifter

Kommunale avgifter

Kommunale avgifter

Her finn du informasjon om kommunale avgifter (vatn, avløp, slam, feiing, renovasjon og eigedomsskatt). Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål. Kontakt Ullensvang herad på 53 67 15 58.

Innkrevjing av kommunale avgifter og eigedomsskatt skjer i 3 terminar kvart år.
Termin 1 har forfall 20. mars, og gjeld for perioden 01.01 - 30.04.
Termin 2 har forfall 20. juli, og gjeld for perioden 01.05 - 31.08.
Termin 3 har forfall 20. november, og gjeld for perioden 01.09 - 31.12.
Alle gebyra (vatn, avløp, slam, feiing og eigedomsskatt) vert fordelt på 3 faktura kvart år.

Indre Hordaland Miljøverk fakturerer renovasjon utanom.

 

Diverse info:

Skjema:

Heimel:

 

Info til abonnentar om kommunale eigedomsgebyr

  1. Vass- og avløpsgebyr
  2. Slam
  3. Feiing
  4. Renovasjon
  5. Eigedomsskatt

 

1. Vass- og avløpsgebyr

Eigar av eigedom som er tilknytt kommunalt leidningsnett, vert fakturert eit årsgebyr for vatn og avløp.

Årsgebyr = abonnementsgebyr (fast del) + forbruksdel (stipulert i høve til arealstorleik på bygning eller målt vassforbruk med vassmålar).

  • Abonnementsgebyr for vatn
  • Forbruksgebyr for vatn
  • Abonnementsgebyr for avløp
  • Forbruksgebyr for avløp

For alle abonnentar gjeld at avløpsmengd vert rekna lik vassmengda. 1 stk. abonnementsgebyr pr. bueining. Det vil seie at leiger du t.d. hybel ut i kjellar, må du betale 2 abonnementsgebyr.

Eigar av bustadeigedom kan velja om han vil betala forbruksgebyr etter målt forbruk med vassmålar eller etter stipulert forbruk ut i frå bruksareal på huset. Heradsstyret har vedteke at næringseigedomar og offentlege verksemder skal betala forbruksgebyr på grunnlag av målt forbruk med vassmålar.
Bruksareal (alt areal innanfor ytterveggar) ligg til grunn for utrekning av dei stipulerte forbruksgebyra.
Døme på utrekning av forbruksgebyr for ein bustad på 120 m2:
120m2 * 1,5 (omrekningsfaktor) = stipulert forbruk: 180 m3.


Det er altså arealet som er grunnlag for utrekning av stipulerte forbruksgebyr, ikkje tal på personar i husstanden. Ved å installere vassmålar kan abonnentar som meiner dei kjem dårleg ut betale etter målt forbruk.
Storleiken på gebyra vert fastsett av heradsstyret (som regel i samband med budsjetthandsaminga kvart år). Gebyr heradet fakturerer for vatn, avløp, feiing og slam vert berekna utifrå sjølvkostprinsipp. Det vil på ein enkel måte seia at heradet ikkje skal krevja inn meir enn kva som er gått med til å yta den aktuelle tenesta, inkludert kostandar til å krevje inn betaling. Gebyra vert innkravd fordelt på 3 terminar, med forfall 20. mars, 20. juli og 20. november. For dei som har vassmålar, vert avlesing av vassforbruk gjort kring årsskiftet, og avrekninga skjer på termin 1.
Stipulert forbruksgebyret for bygg som er registrert som «fritidshus» eller «bustad nytta som fritidshus» i matrikkelen (det nasjonale eigedomsregisteret) er sett til 50 % av forbruk for bustader.
For meir info om vass- og avløpsgebyr: sjå i «Forskrift om vass- og avløpsgebyr i Ullensvang herad».

 

2. Slam

Det er tvungen slamtømming i Ullensvang. Septiktankar til bustader vert tømd partalsår. Tankar til fritidsbustader vert tømd kvart 4. år; 2014, 2018 osv. Gebyret vert regulert etter tankstorleik og tømeintervall. Det vert levert varsel om tøming før tømebilen kjem. Viss tanken ikkje er avgravd og tømebilen ikkje får tømt septiktanken, må de likevel betala gebyr. Dersom ein ynskjer ekstra tøming utover den kommunale tømeruta, tek abonnenten kontakt med tømefirma og betalar direkte til dei. NORVA24 tlf. 57 78 11 70/ 57 87 46 66. Lurar du på kor tid tanken vart tømd sist? Ta kontakt med heradet ved økonomikontoret eller gå inn på http://www.septik24.no/mintank.

 

3. Feiing

Det er pålagt feiing for bustader. Alle bustader med pipe/eldstad som er registrerte i eigedomsregisteret/matrikkelen, vil automatisk bli feia. For bygg som er registrert som fritidshus i matrikkelen er det frivillig. Hytteeigarar kan kontakte feiaren direkte for å få feiing, og betale direkte til han. Vestnorske feietenester tlf. 413 38 085/ 917 08 277.
Det vert feia anna kvart år (oddetalsår). Det er tilsyn kvart 4 år; 2014, 2018 osv. På ein 4 års periode er det eit år det ikkje vert utført noko feie- eller tilsynsteneste (2012, 2016 osv.) Gebyret er ein årssats pr. pipeløp. Ev. skriftleg søknad om fritak vert handsama av brannvesenet.
Det vert levert varsel om feiing eller tilsyn før feiaren kjem. Dersom tidspunkt ikkje høver, kan du avtale nytt tidspunkt med feiaren. Dersom det ikkje er klargjort for feiing (folk tilstade/stengt spjell, framlagt stige eller på anna måte gjeve klar melding om at det kan feiast), vil det ikkje bli feia. Det er huseigar sitt ansvar for å ha tilrettelagd tilkomst for feiaren. Du kan ikkje rekne med ny feiing før neste runde dersom det ikkje blir gjort ny avtale medan feiaren er i området. Feiar tek oppsamlingsrunde, ta difor kontakt med feiaren snarast mogleg dersom du t.d. ikkje var heime når feiaren var der.

 

4. Renovasjon

Indre Hordaland Miljøverk (IHM) har ansvar for renovasjonen i Ullensvang. IHM fakturerer òg renovasjon. Ta kontakt med dei tlf. 56 52 99 00, e-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den., heimesida:www.ihm.no.

 

5. Eigedomsskatt

Eigedomsskatt vart innført for “verk og bruk” i Ullensvang herad i 1989. I 2014 vart eigedomsskatten utvida til å gjelde faste eigedomar i heile heradet. Ullensvang brukar to ulike verdsettingsmetodar for fastsetjing av eigedomsskatt. Begge metodane har som mål å treffe marknadsverdi, men har kvar sine reglar å gå etter (skatteforvaltningslova og eigedomsskattelova).

For bustadeigedomar som kjem med formuesgrunnlag frå Skatteetaten, er bustadverdien grunnlag for eigedomsskatten. Skatteetaten er klageinstans. Andre har fått kommunal takst frå sakkunnig nemnd etter synfaring. Heradet er klageinstans. Heradsstyret fastset promillesats i samband med budsjetthandsaminga kvart år. For meir info om eigedomsskatt, trykk her: Lenkje til dokument.

 

Ofte stilte spørsmål

Eg har solgt huset, kva med betaling av faktura?
Faktura vert sendt til den som står som rekningsmottakar på faktureringstidspunktet. Eigarskifte som skjer midt i ein termin er ei sak mellom kjøpar og seljar. Me sender ikkje ut delfaktura. Me registrerer ny eigar så raskt tinglysinga kjem opp i vårt system. Eventuelle ubetalte fakturaer vert overført til ny eigar.

Eg ynskjer å opprette eFaktura. Korleis gjer eg det?
Dette gjer du sjølv i nettbanken din. Enten ved å godkjenne avtale om eFaktura når du betalar faktura i nettbanken eller ved å søkja opp Ullensvang herad blant eFaktura-tilbydarane i nettbanken.

Kvifor får eg faktura på feie- og slamgebyr kvart år?
Gebyr vert fordelt på 3 terminar kvart år, uavhengig av kor tid tenesta vert utført. For bustadhus vert feiing utført i oddetalsår og slamtømming i partalsår.

Huset står tomt, og eg vil ikkje betala gebyr for det. Korleis kan eg ordna det?
For å sleppe slam-, vass- og/eller avløpsgebyr må du søkja skriftleg til Ullensvang herad. Fyll ut søknadsskjema "søknad om fritak VA-gebyr". Eige søknadsskjema for fritak for feiegebyr, som må handsamast av brannvesenet. For fritak av renovasjonsgebyr, ta kontakt med Indre Hordaland Miljøverk. 

Eg har vanskar med å betale, kva gjer eg?
Faktura som ikkje vert betalt til fastset tid, vert purra og ev. sendt til inkasso. For ubetalte årsgebyr kommunale avgifter har heradet legalpant i eigedomen. Heradet har for desse krava ein rett til å få dei dekka gjennom trekk i lønn eller trygd. Har du betalingsproblem, er det viktig at du tar kontakt snarast mogleg, slik at me kan finna ei løysing saman.

Kor tid vart septiktanken min tømd sist?
Ring heradet eller gå inn på www.septik24.no/mintank.

Kva er akonto?
For bygg med vassmålar installert vert vassmålaren avlest ein gong i året, kring årsskifte. På grunnlag av den avleste målarstanden, vil me på fyrste termin kvart år ha eit “vassmålaroppgjer”. Det vil seie at den målte mengda vert berekna og innbetalt a-konto (forskudd) vert trekt ifrå. Mellomlegget kan gå i pluss eller minus.

Eg har ikkje motteke eigedomsskattesetel, kvifor?
Eigedomsskattesetel vert kvart år sendt ut til eigar og/eller rekningsmottakar. Det er tinglyst eigar som er juridisk ansvarleg for eigedomskrava og som i hovudsak skal vere rekningsmottakar. Endring av betalar vert berre imøtegått i spesielle høve etter skriftleg søknad. Eigedomsskattesetel kan kombinerast med faktura 1. termin. Ta kontakt dersom du ynskjer detaljert eigedomsskattesetel.

Kva er bruksareal (BRA) og kva er P-rom?
Kommunale vass- og avløpsgebyr vert stipulert ut i frå bruksareal dersom det ikkje er installert vassmålar. Bruksareal er alt areal innanfor ytterveggar. Takhøgda må vere 1,9 m. Dersom det er skråtak, er måleverdig areal 0,6 m utanfor der takhøgda er 1,9 m på begge sider.
Skatteetaten brukar P-rom som grunnlag for FG/formuesgrunnlaget. P-rom er bruksareal minus boder. Bustadarealet du rapporterte inn til Skatteetaten i 2010 var p-rom. På skattemeldinga di kan du sjå kva p-rom areal som Skatteetaten har registrert på huset ditt.

Kvifor får eg faktura på ein eigedom som er utgått på grunn av samanslåing?
Eigedomsskatten vert fakturert ut frå tilhøva på eigedomen 1. januar i skatteåret. Endringar som kjem i løpet av året, får verknad frå året etter.

Eigedomen min kjem med formuesgrunnlag (FG) frå Skatteetaten. Korleis kan eg klage på eigedomsskatten?
Dersom du meiner at bustadverdien ikkje avspeglar marknadsverdi kan du klage til Skatteetaten. For meir info: www.skatteetaten.no tlf.: 800 80 000. Du kan klage dersom formuesverdien er for høg eller at opplysningar som dannar grunnlaget for formuesverdien er feil t.d areal. Dersom Skatteetaten set ned bustadverdien, får Ullensvang herad melding frå Skatteetaten og vil justere eigedomsskattegrunnlaget. Bustadeigedomar vert verdsett ved bruk av formuesgrunnlag frå likninga året før skatteåret. Kvart år legg heradet ut info om klagerett og eigedomsskattelister.