Godkjenning av offentlege dokument til bruk i utlandet

Godkjenning av offentlege dokument til bruk i utlandet

Generelt

Omtale

Apostille er ei legalisering/stadfesting av norsk offentleg funksjonær si underskrift på eit dokument, ei stadfesting av at vedkommande har den stillinga som er oppgjeve i dokumentet, og dermed har rett til å skrive ut eit slikt dokument. Dokumentet må vere påført embetsstempelet frå institusjonen. Ei slik stadfesting kan vere naudsynt når norske dokument skal nyttast i utlandet, f.eks. ved ekteskapsinngåing overfor utanlandsk myndigheit dersom ein av partane er norsk statsborgar, eller på skøyte vedrørande kjøp og sal av eigedom i utlandet.

Målgruppe

Alle norske borgarar.

Pris for tenesta

Apostillestadfesting er i seg sjølv gratis. Du må likevel betale for eventuelle kostnader knytt til framskaffing eller kopiering av dokument.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Apostillestadfesting får du hos Fylkesmannen ved å framvise tilstrekkeleg dokumentasjon (originale underskrifter).