Om Ullensvang

Om Ullensvang

Generelt

Bu
 

Ullensvang er samansett av gudenamnet Ullin og vang «grasslette». Ullensvang herad ligg midt i Hardanger, og er fordelt over eit stort geografisk område. På Oksen-halvøya ved nordsida av Hardangerfjorden ligg Djønno, medan det meste av av Ullensvang ligg på aust- og vestsida av Sørfjorden. Felles for heile Ullensvang er at busetnaden er samla i små bygder som ligg på ei smal stripe mellom høgfjellet og Hardangerfjorden. Folketalet i heradet er ca. 3.400, med Kinsarvik som administrasjonssenter for heradet.

Bjotveit

På austsida av Sørfjorden ligg bygdene ved foten av Hardangervidda, det største høgfjellsplatået i Nord-Europa. På vestsida av Sørfjorden ligg bygdene under fjellrekka som inneheld Folgefonna.Hardangervidda og Folgefonna er viktige rekreasjonsområder for oss som bur her, her har me lett tilgang til fjellvandring, fiske og jakt.

Utne mai

 
 
Organisasjonsnummer:  964 967 903
Kommunenr.:  1231
Ordførar: Solfrid Borge
Rådmann: Magnus Steigedal
 
ullensvang kart

 

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet frå 1979: motiv er henta frå våpenskjoldet til lagmannen Sigurd Brynjulvsson frå Aga. 
 

Her kan du lesa Ullensvang-faldaren.