Helseteneste til flyktningar og asylsøkjarar

Helseteneste til flyktningar og asylsøkjarar

Generelt

Omtale

Asylsøkjarar og flyktningar som bur eller mellombels har tilhald i heradet, har rett til nødvendige helsetenester på same måten som andre som har tilhald i heradet. Helsetilbodet i heradet skal sørgje for at asylsøkjarar og flyktningar får nødvendig somatisk og psykisk helsehjelp.

Målgruppe

Asylsøkjarar og flyktningar.

Innafor denne gruppa skal følgjande personar få spesiell merksemd og oppfølging:

  • personar fra område der det er høg risiko for bestemte infeksjonssjukdommar
  • personar som har vore utsette for tortur og anna alvorleg psykisk eller fysisk traumatisering
  • einslege personar utan familienettverk
  • barn og unge som kjem aleine til Noreg
  • gravide
  • einslege forsørgjarar
  • kvinner som har vore utsette for valdtekt og anna seksualisert vald

Kriterium/vilkår

For personar under 18 år er det ikkje et vilkår at personen har lovleg opphald. For personar over 18 år utan lovleg opphald gjev lova rett til akutt helsehjelp.

Pris for tenesta

Tenestene er gratis, med mindre det følgjer av lov eller forskrift at ein skal betale eit vederlag.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Dette er ei lovpålagd teneste.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Heradet vil sjølv sørgje for at nytilkomne innflyttarar og asylsøkjarar og flyktningar i mottak får tilbod om helsetenester, og det er difor ikkje nødvendig å søkje om denne tenesta.

Moglegheit til klage

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp frå heradet, kan du etter kommunehelsetenestelova klage over dette til heradet og deretter til Helsetilsynet i fylket. I klagen må du greie ut om kva forhold det er du klagar over. Du bør beskrive kva du ønskjer endra, og grunngje dette. Herdet vil kunne rettleie deg. Klagen blir send den instansen i heradet som har behandla saka. Dersom heradet held fast ved avgjerda si, blir klagen send vidare til Helsetilsynet i fylket.

Som mottakar av helsetenester kan du etter pasientrettslova også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast heradet eller direkte til tenesteytaren slik at det skal vere mogleg å løyse saka på det lågaste nivået.