Ullensvang helsestasjon

Ullensvang helsestasjon

Ullensvang helsestasjon er ei fellesnemning for Kinsarvik - og Utne helsestasjon. Helsestasjonen sitt arbeid er av førebyggjande art. Vi arbeider med å fremje barnet si helse slik at barn veks opp med best mogleg helsetilstand både fysisk og psykisk. Tenesta er for barn og unge i alderen 0-20 år.
Dei førebyggjande helsetenestene omfattar: 

Kontaktinformasjon:

Telefon: 41 69 71 83 / 90 18 33 43

E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Kinsarvik helsestasjon:

Inngang på baksida av heradshuset i Kinsarvik.

Utne helsestasjon:

Ligg i helse- og sosialsenteret på Utne.

 

Tilsette ved helsestasjonen:

Mob:

E-post:

Leiande helsesjukepleiar:

Torbjørg Krogh Larsen

91 14 07 36

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Helsesjukepleiar:

Sigrid Kambestad

41 69 71 83

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Helsesjukepleiar: Silje Brattespe 90 18 33 43 Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Helsestasjonslege:

Daniela Brühl

 

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

SLT-koordinator:

Stig Hope

91 74 17 93

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Jordmor:

Esther Meland

97 57 45 82

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

Svangerskapsomsorg

Alle gravide får tilbod om svangerskapskontrollar hjå jordmor, Esther Meland, på Utne og Kinsarvik helsestasjon.

For timebestilling og spørsmål - ta kontakt på telefon:  97 57 45 8241 69 71 83 / 90 18 33 43

Helsestasjon for barn 0 - 5 år

Målgruppa: Barn 0-5 år og deira føresette.

Helsestasjonen tilbyr eit program for helseopplysning, rådgjeving, rettleiing, helseundersøkingar og vaksinasjonar.

Alle barn 0-5 år får tilbod om å følgja helseprogrammet gjennom individuelle konsultasjonar.

Eksterne lenker:

Amming og ernæring:

Tannhelse:

Helse og utvikling:

Søvn

Samspel:

Barns miljø og sikkerhet:

Vold og seksuelle overgrep:

Vaksinering:

Skulehelseteneste

Skulehelsetenesta skal bidra til å førebyggja sjukdom og fremja god fysisk og psykisk helse hos barn og ungdom  i alderen 5 - 20 år.

  • fremje psykisk og fysisk helse
  • fremje gode sosiale og miljømessige forhold
  • førebyggja sjukdom og skade

Skulehelsetenesta er ei vidareføring av helsestasjonstilbodet. Skulehelsetenesta gjennomfører helseundersøking, helseopplysning, individuell oppfølging og vaksinering. Ved behov tilviser skulehelsetenesta til andre instansar i samråd med føresette.

Ullensvang herad har to barneskular og to barne- og ungdomsskular:

  • Barneskular: Opedal og Vikebygd
  • Barne- og ungdomsskule: Kinsarvik og Hauso

Skulehelsetenesta er på skulane etter oppsett plan:

Opedal skule:

  • tysdagar og onsdagar
  • Silje Brattespe: 90 18 33 43 / Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Vikebygd skule:

  • onsdagar
  • Sigrid Kambestad: 41 69 71 83Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Kinsarvik skule:

  • måndagar og tysdagar
  • Sigrid Kambestad: 41 69 71 83Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Hauso skule:

  • måndagar
  • Eldbjørg Hammer: 46 89 32 07 / Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Vidaregåande skular:

  • Andrea Djønne

HFU - helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom er lokalisert på helsestasjonane på Utne og i Kinsarvik

Kinsarvik:

Utne:

Ope kvar onsdag mellom kl. 14.30 – 15.30  

Ope kvar tysdag mellom kl. 13.30 - 14.30

 

Ved helsestasjon for ungdom vil du treffa helsesjukepleiar og lege. Har du ikkje høve å møta, men ynskjer kontakt? Du nå oss på telefon: 41 69 71 83 / 90 18 33 43 eller e-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Om HFU:

Helsestasjon for ungdom er eit tilbod for ungdom opp til 20 år. Tilbodet er gratis og vert driven av dei som jobbar ved helsestasjonen. Det er inga timebestilling og dei som arbeider her har teieplikt.

Du kan snakka med oss om kva du vil

  • kropp, fysisk og psykisk helse
  • prevensjon
  • graviditet og abort - gratis graviditetstest
  • samliv, seksualitet og pubertet
  • homofili
  • seksuelt overførbare sjukdomar - gratis test for klamydia og andre kjønnssjukdomar
  • forelskelse, kjærleik og kjærleikssorg
  • problem heime, på skulen eller med vener
  • trist – einsam?
  • vald og seksuelle overgrep
  • rus og rusmissbruk
  • røyking
  • slanking eller eit vanskeleg forhold til mat
  • nettbruk
  • mobbing

...eller om livet går ein i mot og ein treng nokon å snakke med ...

Ungdomskontakt

Ungdomskontakt/losen er eit lavterskeltilbod for ungdommane mellom 13 og 21 år i kommunen. Det skal arbeidast førebyggjande med psykisk helse og rus, saman med og for ungdommen. Målet er å leggje til rette for eit samordna og heilheitleg tilbod, som gjev tettare oppfølging til ungdom i vanskelege livssituasjonar.

Situasjonen kan dømesvis vere at ein:

  • ønskjer nokon å prate med
  • er einsam
  • er bekymra for ein ven
  • har det vanskeleg heime
  • opplever konflikt og krangling, enten det er heime, på skulen eller med venner
  • opplever det som vanskeleg å reise på skulen og vert ofte heime
  • er ny på VGS og opplev overgangen frå ungdomsskulen som vanskeleg
  • er usikker på skulevalet
  • bur på hybel og opplev utfordringar knytt til det
  • er føresett og treng råd
  • er pårørande og er bekymra
  • arbeider i systemet og veit om ungdom som kan trenge ekstra støtte

Ring eller send sms - når du treng det

Telefon: 91 69 70 13
Mail: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Helseteneste for flyktningar

Flyktningar som er busett i Ullensvang har rett til helsetenester på same måte som andre. Helsestasjonen har ansvar for registrering av helseopplysingar/helsejournal til flyktningane.

SLT – Samordning av lokale kriminalitetsførebyggande tiltak

SLT står for Samordning av lokale rus og kriminalitetsforebyggende tiltak. SLT-modellen skal samordna rus og kriminalitetsførebyggjande tiltak for barn og unge. Målet er at barn og unge i heradet skal få riktig hjelp til riktig tid, av eit hjelpeapparat som samarbeider godt på tvers av einingar og faggrupper.

For meir informasjon - http://kriminalitetsforebygging.no/

SLT – koordinator

Mob:

E-post:

SLT-koordinator:

Stig Hope

91 74 17 93

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.