Oppfølgingsteam

Oppfølgingsteam

Generelt

Omtale

Ullensvang herad, Hardanger barnevern og Helse fonna Distriktspsykiatriske sentre har starta opp eit oppfølgingsteam for personar med problematikk innanfor rus og psykiske lidingar. Teamet tilbyr tverrfaglig tenester slik at den som mottar hjelp skal få et koordinert tilbod. Tenesta er eit lavterskel tilbod.

Hovudområda teamet arbeider med er oppfølging i bustad, innsøking til rusbehandling, oppfølging før, under og etter rusbehandling, individuell plan, aktivitetar, arbeidspraksis og samtaler. Personen skal oppleve å bli møtt med ein samordna teneste.

Tenesta blir utført av ulike personar.

Eksemplar på oppfølging:

  • Motivasjonssamtaler
  • Å bli møtt med individuelt tilpassa hjelp og realistiske ambisjonar
  • Skape struktur i kvardagen
  • Aktivisering
  • Oppretta og følgje opp individuell plan
  • Koordinering av tenester
  • Økonomisk rettleiing og opplæring. For eksempel lage avtale om faste trekk i banken, sette opp budsjett
  • Etablering i bustad, oppfølging i bustad
  • Delta i ansvarsgrupper
  • Deltaking og følgje til ulike møter
  • Hjelp til å kome inn i rusbehandling, både poliklinisk og i behandlingsinstitusjon
  • Ungdommar og andre som avviser hjelp, skal oppleve å ikkje bli gitt opp

Oppfølgingsteamet er samansatt slik:

  • Grace Vinnes Steingildra Ruskonsulent/koordinator
  • Torbjørn Reisæter Helse og velferdsleiar
  • Eivind Gregersen Nav-leiar
  • Ingvild Sperrevik Sosialleiar
  • Terje Solvi Barnevernstenesten
  • Stig Hope Ungdomskontakt
  • Audhild Engesæter Odda DPS
  • Kommuneoverlege
  • Trude Kraakevik Psykisk helse


Alle er velkommen til å henvende seg for å få informasjon om tenesta.

Kontaktperson for teamet

Grace Vinnes Steingildra

Koordinator for oppfølgingsteamet

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.