Omsorgsbustadar

Omsorgsbustadar

Generelt

Skjema

pdf Søknad om omsorgsbustad Les fyrst! (52 KB)

pdf Omsorgsbustad, uttale frå fastlege (47 KB)

pdf Søknad om helse og omsorgstenester (150 KB)

Omtale

Tenesta skal vere eit tilbod om tilrettelagt bustad for eldre og funksjonshemma der bustaden vil vere til hjelp for at brukaren skal klare seg best sjølv, føle seg trygg og at offentleg teneste skal vere lett tilgjengeleg. Omsorgsbustad vert tildelt etter individuell vurdering med utgangspunkt i søkjaren si funksjonshemming, sjukdom, butilhøve og/eller alder.

Søkjaren vert prioritert utifrå at:

  • eigen bustad er ueigna. og at det er vanskeleg med tilrettelegging 
  • brukar kan oppretthalda/betre sine funksjonar og sjølvstende ved å flytta til omsorgsbustad 
  • funksjonsnivå og livskvalitet kan bli betre ved auka tryggleik og nærleik til tenester 
  • det sosiale nettverket er lite og fører til isolasjon

Reglar for tildeling av tenester er dei same som for heimebuande. Den som bur i omsorgsbustad kan søke om bustønad gjennom Husbanken.

Målgruppe

Først og fremst eldre og funksjonshemma

Kriterium/vilkår

Pris for tenesta

Kommunestyret vedtek satsar for leige av omsorgsbustader

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Omsorgsbustad er ikkje ei lovpålagt teneste.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan kontakte Bråvolltunet tlf nr 53 67 10 70 eller Utneheimen tlf nr 53 67 13 60, for å få hjelp til å fylla ut søknaden. Du har rett til å la næraste pårørande hjelpe deg med søknaden. Andre har også rett til å hjelpe deg. Det kan for eksempel vere ein nabo. Men da må du gje ei skriftleg fullmakt som du legg ved søknaden.
.
Søknad vært handsama av rehabiliteringsteamet . Dei tek kontakt og kjem på heimebesøk for å gjera ei vurdering av deg som søkjar.

Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Sakshandsamar på sjukeheim scannar inn søknaden, og du får ei foreløpig melding at søknaden er moteke.

Søknaden sendes til

Bråvolltunet, 5780 Kinsarvik
eller
Utneheimen, 5778 Utne

Saksbehandlingstid

Før saka vert avgjort, vil medlemmer i rehabiliteringsteamet kartleggja ynskja og behova dine nærare. Rehabiliteringsteamet vil truleg ta kontakt med deg, og gjere avtale om heimebesøk. Søknaden vert handsama når det vært ledig bustad. Då kallar leiar for rehabiliteringsteamet inn til tildelingsmøte.

Søknadsbehandling

Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt bustad eller ikkje.

Moglegheit til klage

Det er ikkje klagerett på tildeling av omsorgsbustad.