Barnebasen

Barnebasen

Generelt

Omtale

Barnebasen er eit fritids- og avlastingstilbod til to unge brukarar med autisme-diagnose.

Tilbodet kom i gang i mars 2002.

Me har ope etter skuletid til klokka 17, og anna kvar helg frå fredag ettermiddag til måndag morgon.
Tilbodet er planlagt i nært samarbeid med foreldre og skule, og ut frå brukarane sine interesser.

Av aktivitetar kan me nemna lekser, matlaging, turar i nærmiljøet og i regionen, fysisk trening, musikkskule og ulike kulturtilbod som oppleving og sosial trening.

Barnebasen har eit tett samarbeid med heimane og skulen. Andre samarbeidspartnarar er lækjar, fysioterapeut, PPT og helsesøster.

Me får rettleiing frå Rehabiliteringseininga i Helse Fonna.

Det er fem tilsette på barnebasen, fordelt på 2,5 stillingar.

Dagleg leiar er førskulelærar, andre tilsette er ein barnevernpedagog, ein førskulelærar og to fagarbeidarar.

 

Kontaktinformasjon

Sjursledvegen 16
5780 KINSARVIK
Telefon: 53 66 17 40