Lindrande behandling/palliasjon

Lindrande behandling/palliasjon

Generelt

Omtale

Ullensvang herad gir tilbod til pasientar og pårørande som treng lindrande behandling, råd og omsorg. Heradet er representer med ein sjukepleiar frå Bråvolltunet og Utneheimen i ei lokal nettverksgruppe innan kreftomsorg og lindrande behandling. Kreftforeningen deltek i denne gruppa og deltaker fra Kompetansesenteret i Lindrande Behandling leiar møta. 

Det er danna ei palliativ gruppe knytt opp til palliativ eining på Bråvolltunet. Denne gruppa består av palliativ sjukepleiar, fysioterapeut, prest og fagarbeidarer/hjelpepleiarar med ekstra utdanning og interesse. Gruppe tek kontakt med andre faggrupper ved behov.

Tenesta yter hjelp til:

  • Smertelindring
  • Tilrettelegging i heimen
  • Tilbod om lindrande fysioterapi
  • Samtalar
  • Kontakledd mellom sjukehus og heimen
  • Kontakt med andre kommunale tenester

Målgruppe

Pasientar som treng lindrande behandling, skal få så optimalt tilbod som råd er, med høgast mogeleg livskvalitet og tryggleik.

Alle innbyggjarar i Ullensvang herad.

Kriterium/vilkår

Tilvising frå pasient, fastlege, sjukehus eller pårørande.

Pris for tenesta

Tenesta er gratis i heimen.

Den palliative eininga fyljger vanlege takster utifra om det er vedtak om kortid, langtids- eller avlastningsopphald.

Samarbeidspartnere

  • Lege
  • Fysioterapeut
  • Ergoterapeut
  • Diakon
  • Sosionom (NAV)
  • Psykologiteneste
  • Helsestasjon

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Søknadsprosessen

Søknaden sendes til:

Bråvolltunet sjukeheim

5780 Kinsarvik

Søknadsbehandling

Søknaden blir behandla fortløpande, felles inntaktsmøte kvar tysdag.

 

Saksbehandlingstid

Heradet skal behandle saken så snart som mogeleg. Om saken ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg beskjed om årsaken til dette. Du skal samstundes få opplyst når det antas at vedtaket vært fatta.

 

Klage

Om du er missfornøyd med vedtaket, kan du klage til heradet innan ein frist på tre uker fra du mottok det. Både omsorgsytar og den hjelpetrengande kan klaga på vedtaket. Forklar kva du er misfornøyd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Om du treng vegleiing, kan du henvenda deg til heradet. Opprettheld heradet sitt vedtak, kan saka sendast til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal tas til fylgje.