Gruppetilbod med fysioterapeut i 2019

Med førebehald om endringar!

Fallførebyggande balansegrupper

  • Dagtilbodet på Bråvolltunet tysdagar og torsdagar
  • Dagtilbodet på Utneheimen torsdagar

Målgruppe: Menneske som bur heime eller i omsorgsbustad som anten er redde for å ramla, har opplevd fall før, eller merkar at balansen byrjar å verta litt dårlegare. Målet er at deltakarane skal kjenne seg trygg på to bein og meistre kvardagen heime, vere mest mogleg sjølvstendig i kvardagslege oppgåver og vere i stand til å bu lengst mogleg heime. Gruppetimane finn stad på sjukeheimane i dagtilbod-tida, men ein treng ikkje vere aktiv deltakar på dagtilboda for å få plass i treningsgruppa. Sjå kontaktinfo dersom du ynskjer å delta.

Kom i gang med trening – gruppe

  • Hardingen treningssenter på Grimo
  • Tunvoll trimstove på Lofthus
  • Fjordahallen i Kinsarvik
  • Vines skule

Målgruppe: Treninga passar for deg som ynskjer å koma i gong med trening og kan vere hjelp til å starte trening og bli rusta til å halde fram på eiga hand etterpå. Ulike døme på kven treninga kan vere aktuell for: Pensjonistar som ynskjer å oppretthalde eit godt funksjonsnivå inn i alderdomen, menneske med muskel/skjelett-plager, menneske med ynskje om auka fysisk kapasitet, menneske med ynskje om livsstilsendring, menneske som står i fare for sjukemelding/uføretrygd av ulike grunnar (fysisk og/eller psykisk), menneske som er uføretrygda/sjukemelde av ulike grunnar (fysisk og/eller psykisk), der det er hensiktsmessig med trening for å oppretthalde ein god kvardag og best mogleg funksjonsnivå. Innhaldet i treninga vil variere noko i forhald til lokalitet, utstyr og deltakarane sine forutsetningar, men ha fokus på styrketrening, balansetrening og uthaldstrening.

Bassengtrening

• Bassenget på Kinsarvik Skule

Målgruppe: Personar med muskel/skjelettplager, fare for uføretrygd/sjukemeldingar av ulike grunnar, kroniske sjukdomar/plager, overvekt, revmatisme eller anna. Inaktive personar som ynskjer å auke aktivitetsnivået og er glad i bassengtrening. Personar med ynskje om å betra fysisk kapasitet.

Gruppe for menneske med funksjonshemming – i samarbeid med Bråto

Trening i Fjordahallen med fokus på meistring, auka fysisk aktivitet og rørsleglede med hovudvekt på koordinasjon, styrke- og uthaldstrening.

Generell informasjon:

Organisering:

Alle gruppene vil føregå ein gong vekentleg i ei treningsperiode på 10-12 veker i små grupper på 6-10 personar. Treningane vil i hovudsak føregå ei gong mellom klokka 08.00 og 15.00 på dagtid. Som deltakar vert du kalla inn til ein individuell samtale i forkant av gruppetreninga. Her kan det også bli aktuelt med nokre enkle fysiske testar for å kartlegge behov og for å kunne evaluere effekten av gruppetreninga i etterkant av treningsperioda. Når det er nok påmelde deltakarar får du informasjon om nøyaktig oppstartstidspunkt.

Påmelding:

Påmelding til gruppetreningane skjer ved å ringe fysioterapeut Ida Urheim på telefon 468 94 256 eller sende email til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.. Ved stor pågang vil dei personane med størst behov verta prioriterte til treninga.

Betaling:

Gruppetreninga vil følgje gjeldande takstar for fysioterapi og koste 55-97 kroner gongen, alt etter kor lenge treninga varer. Dersom du kjem opp i eigenandelstak 2 får du frikort. Dette får du nærare informasjon om ved påmelding.

Kontaktinformasjon:

Ida Urheim

Fysioterapeut

Ullensvang Herad

Tlf. 53671078 / 46894256

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

Kva

(Med førebehald om endringar).

Påmeldingsfrist

Oppstart

(Med førebehald om endringar).

Balansegruppe ved dagtilbodet på Bråvolltunet * 3

Tysdagar og torsdagar

Løpande

Januar 2019

Balansegruppe ved dagtilbodet på Utneheimen * 2

Torsdagar

Løpande

Januar 2019

Kom i gong med trening i Fjordahallen

Måndagar

1. Mars 2019

Mars/April 2019

Kom i gong med trening på Nå

Fredagar

5. Februar

Februar 2019

Bassenggruppe Kinsarvik

Måndagar 15.30 – 16.30

15. Januar 2019

Februar 2019

Kom i gong med trening på Grimo treningssenter

Fredagar 09.15-10.15

15. februar 2019

Mars 2019

Kom i gong med trening på Tunvoll treningssenter

?

Mars 2019

Mars/april 2019

Gruppetrening for menneske med psykisk utviklingshemming.

Måndagar 14.00-15.00

Løpande

Januar 2019

Kom i gong med trening på Vines skule.

Torsdagar 09.30-10.30

Løpande

Ved nok påmelde