Legevakt

Legevakt

Generelt

Omtale

Heradet skal sørgje for nødvendig helsehjelp til alle som bur og held til i Ullensvang. I dette ligg tilgang på allmennlegetenester og tilbod om akutt hjelp (legevaktordning) 24 timar i døgeret. Ullensvang har eit samarbeid med Odda kommune.
 

Odda Kommune Legevakt
Opheimsgata 31
5758 Odda
Tlf: 53 64 80 10 / 113

Målgruppe

Alle som held til i heradet.

Kriterium/vilkår

Du må vere i heradet og ha behov for akutt legehjelp.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Heradet pliktar å sørgje for denne tenesta, jf. kommunehelsetenestelova § 1-3 andre leddet nr. 2.

Om søknadsprosessen

Moglegheit til klage

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp frå heradet, kan du etter kommunehelsetenestelova klage over dette til heradet og deretter til Helsetilsynet i fylket. I klagen må du greie ut om kva forhold det er du klagar over. Du bør beskrive kva du ønskjer endra, og grunngje dette. Heradet vil kunne rettleie deg. Klagen blir send den instansen i heradet som har behandla saka. Dersom heradet held fast ved avgjerda si, blir klagen send vidare til Helsetilsynet i fylket.

Som mottakar av helsetenester kan du etter pasientrettslova også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast heradet eller direkte til tenesteytaren slik at det skal vere mogleg å løyse saka på det lågaste nivået.