Avlastning

Avlastning

Generelt

Målgruppe: Den  som yter omsorg for eldre, funksjonshemma eller andre pleietrengande.

Skjema

pdf Søknad om helse og omsorgstenester (150 KB)

Omtale

Har du omsorgsoppgåver som gjer at du har behov for avlastning? Heradet kan for eksempel yta avlastning i form av heimehjelp, dagtilbod eller avlastningsopphald på sjukeheimen.
 

Kriterium/vilkår

Personen som får avlasting, må ha eit særleg tyngjande omsorgsarbeid i heimen. Momenter som vært tatt i betraktning er blant anna:
  • - om du arbeider mange timar pr. månad med omsorgsarbeid
  • - om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk belastande enn vanleg
  • - om omsorgsarbeidet innebærer mykje nattarbeid eller avbrote nattesøvn

Det er heradet i samarbeid med deg som søkjar som bestemmer kva tenester som skal ytast.

Pris for tenesta

Tenesta er gratis.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)
  • Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester mm. (helse- og omsorgstjenesteloven) § 3-2 - Kommunens ansvar for helse- og omsorgstjenester
  • Lov om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukerrettighetsloven) §2-8

Forskrifter

Forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan kontakte heradet for å få hjelp til å søkje om avlastning. Du kan få hjelp til å fylle ut skjemaet ved å vende deg til Bråvolltunet tlf nr 53 67 10 70, eller Utneheimen tlf nr 53 67 13 60. Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande sjølv kan søkje om avlastingsopphald.
 
Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.

Søknaden sendes til

Bråvolltunet, 5780 Kinsarvik
eller
Utneheimen, 5778 Utne

Saksbehandlingstid

Søknaden vert handsama på inntaksmøte. Inntaksmøte kvar uke (tysdag).
Om saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg beskjed om årsaken til dette. Du skal samstundes få opplyst når det antas at vedtaket vært fatta.

Søknadsbehandling

Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.Før saka kan bli avgjort, vil avdelingssjukepleiar kartleggja ynskja og behova dine nærare. Om vi ikkje er kjend med situasjonen din, vil avdelingssjukepleiar ta kontakt med deg og gjere avtale om heimebesøk.

Moglegheit til klage

Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande sjølv kan klage på avgjerda. Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Heradet vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Hvis vedtaket blir halde ved lag, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.