Krisesenter Vest IKS

Krisesenter Vest IKS

”Me er her for deg”

Er du blitt  utsett for vald og treng nokon å snakka med? Ta kontakt med Krisesenteret så kan de saman prøva å finna løysningar.

Heimeside: http://krisesentervest.no/

Målgruppe

  • Kvinner, menn og born som har vore utsett for vald eller truslar om vald i nære relasjonar

Tilbodet er eit lavterskeltilbod, slik at ein kan ringa når ein har behov for det. Dei tilsette har kompetanse på mishandlingsproblematikk og fagpersonell med kompetanse innan områda; born og ungdom, pedagogikk, psykisk helse og fleirkulturell forståing.

Senteret vil gje eit mellombels butilbod i trygge omgjevnader til deg og dine born.
Eit eige tilbod til valdsutsette menn.

Tilbodet er døgnope.

Avdelingar

  • Avdeling Haugesund tlf 527 29 884
  • Avdeling Stord 53 41 1212
  • Avdeling Odda tlf 536 41 111

Ullensvang og Odda er i det interkommunale selskapet saman med 15 andre kommunar.