Individuell plan - koordinering av helse- og /eller sosialtenester

Individuell plan - koordinering av helse- og /eller sosialtenester

Omtale

Du har rett til å få utarbeida ein individuell plan om du har behov for langvarige og koordinerte tenester fra det offentlege hjelpeapparat. Planen skal sikra at det til ei kvar tid er nokon som har ansvar for koordinering og oppfylging. Vi oppfordrer deg som brukar tl å delta aktivt i å beskriva dine behov for tenester og kva ynskjer og mål du har.

Målgruppe

  • Personar som har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester og/eller sosialtenester

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Dette er ei lovpålagt teneste

Lover

  • Lov om barneverntenester (barnevernloven) § 3-2a - plikt til å utarbeide individuell plan
  • Lov om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern (psykisk helsevernloven) § 4-1 Individuell plan
  • Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) §7-1 - Individuell plan, koordinator og koordinerende enhet
  • Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) §7-1 - Individuell plan
  • Lov om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukerrettighetsloven)
  • Lov om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukerrettighetsloven) kapittel 7(klage)
  • Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen kap. 4 Individuelle tjenester
  • Lov om spesialisthelsetjenesten m.m. (spesialisthelsetjenesteloven) §2-5

Individuell plan

Forskrifter

  • Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator
  • Forskrift om individuell plan i arbeids- og velferdsforvaltningen

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du eller dine pårørande kan ta iniativ til å få laga ein individuell plan, men hovedansvaret for utarbeidinga ligg i hjelpeapparatet.
Du kan kontakte Bråvolltunet tlf nr 53 67 10 70 eller Utneheimen tlf nr 53 67 13 60, for å få hjelp.
 
Søknaden sendast til;
 
Bråvolltunet, 5780 Kinsarvik
eller
Utneheimen, 5778 Utne

Saksbehandlingstid

Heradet skal behandla saka så snart som mogeleg. Om saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg beskjed om årsaka til dette. Du skal samstundes få opplyst når det antas at vedtaket vært fatta.

Moglegheit til klage

Klageadgang er forankra i den enkelte lov (sjå avsnitt om lover og retningslinjer).

Fylkesmannen er klageinstans.

Det er retten til individuell plan du kan klaga på. Men om ein individuell plan ikkje oppfyller krava til kva ein slik plan skal innehalda (sjå forskriften), kan du også klaga på det. Klagen sender du til den instansen i heradet som har behandla saka.