Forskrift for tildeling av langtidsplass i sjukeheim og omsorgsbustad med heildøgns omsorg (HDO) i Ullensvang herad

Vedteken 25.september 2017 HST- 87/2017 Vedtak:

§1 Føremål

Forskrifta skal sikra at innbyggjarar i Ullensvang herad med omfattande hjelpebehov skal få nødvendig og forsvarleg helsehjelp, jamfør helse- og omsorgstenesteloven § 3-2 a, i samsvar med rettighetsbestemmelsane i pasient- og  brukerrettighetsloven § 2-1 e, jamfør helse- og omsorgstenesteloven § 3-2 a, i samsvar med rettighetsbestemmelse i pasient- og bruker-rettighets-loven §2-1 e.
Forskrifta omhandlar kriterie for inntak til langtidsplass i sjukeheim eller omsorgsbustad med og utan stasjonær heildøgnstenester for alle som bur eller oppheld seg i heradet.
Forskrifta synleggjer også korleis heradet skal fylgja opp personar som står på venteliste til langtidsplass eller tilsvarande bustad spesielt tilrettelagt for heildøgnstenester og som vert buande i heimen i påvente av plass.

§ 2 Lovheimel

· Lov om kommunale helse og omsorgstenester § 3-2 a andre ledd
· Lov om pasient og brukerrettigheter § 2-1 e)
· Lov om behandlingsmåten i forvaltningsssaker kap VII jf Lov om kommunale helse og omsorgstenester § 2-2.

§ 3 Verkeområde

Forskrifta gjeld ved søknad om langtidsplass i sjukeheim eller Heil Døgns bemanna Omsorgsbustader (HDO).

Langtidsplass i sjukeheim/ heil døgn bemanna omsorgsbustader (HDO):

Er eit tilbod for

personar med omfattande og vedvarande døgnkontinuerlege pleie og omsorgsbehov. Med sjukeheim forstår ein helseinstitusjon som fell inn under forskrift 16. desember 2011 nr.1254 om kommunal helse- og omsorgsinstitusjon § 1 bokstav d og e, og § 2. Med langtidsopphald meiner ein opphald i sjukeheim/HDO på ubestemt tid.

§4 Grunnlag for vurdering og tildeling eller avslag

Ullensvang herad bruker beste effektive omsorgsnivå (BEON) som prinsipp ved tildeling av tenester og tiltak i omsorgstrappa. Omsorgstrappa har tenester på ulike nivå der aukande hjelpebehov vert møtt med aukande og meir omfattande tenestetilbod av ulik art. Tenester i heimen skal som hovudregel vera forsøkt før tildeling av langtidsplass i sjukeheim.

Ved vurdering tek ein desse omsyna :

A. Ressursar og nettverk:

a. Evne til eigenomsorg

b. Psykisk helse/oppleving av utryggheit

c. Pårørande og nettverk

d. Butilhøve

e. Endring i helsetilstand/diagnose/prognose

f. Kognitiv svikt

B. Kartleggingsverktøy:

Kartleggingsverktøyet IPLOS er eit lovpålagt helseregister. Det skildrar hjelpebehov og ressursar til dei som søkjer eller mottar kommunale helse- og omsorgstenester.

Nivået på hjelpebehov vert delt i tre grupper:

· Noko/avgrensa behov – skår 1,5,

· Middels til stort behov – skår 3,

· Omfattande behov- skår 4,5

C. Andre

C. Andre opplysningar:

a. Opplysningar frå møte med pasient og/eller partsrepresentant for pasient.

b. Resultat frå vurderings-/korttidsopphald i sjukeheim.

c. Opplysningar frå anna helsepersonell og/eller andre som yter helse- og omsorgstenester. Gjeld m.a. resultat frå medisinsk behandling ved sjukehus.

Ved tildeling vil ein særskilt leggja vekt på følgjande kriterie :

a) Personar med hjelpebehov der nødvendig kompetanse og utstyr for å sikra helseoppfølging og behandling som best kan gjevast ved sjukeheimen/HDO.

b) Personar i sluttfasen av livet med behov for tilsyn og omsorg gjennom heile døgnet.

c) Personar med langtkomen demensliding som har behov for kontinuerleg oppfølging, skjerming og omsorg gjennom heile døgnet.

Tiltak i heimen må vera vurdert/prøvd ut.(Tilpasning av eigen bustad, bistand i heimen som heimesjukepleie og praktisk bistand, omsorgsløn, tryggleiksalarm mm.)

Tiltak utanfor heimen må vera vurdert/prøvd ut (Flytta til anna bustad, dagtilbod, avlastningsog kortidsopphald).

Søkar må ha diagnostisert demens for tildeling av langtidsplass for demente.

§ 5 Søknad og vedtak

Tildeling av langtidsopphald skjer på bakgrunn av helseopplysningar, søknad og vurdering av individuelle behov. Saksutgreiinga vert avslutta med eit enkeltvedtak.
Søknadsskjema finn ein på heradet si heimeside, eller kan sendast dei som vil søkja tenester.

Kommunal sjef for helse og omsorg har etter delagsjonsreglementet ansvar for teneste-området. For tildeling av langtidsplass skal det vera ei tverrfagleg vurdering av søknadene med felles inntaksmøte for omsorgsteneste aust/vest.

§ 6 Ansvar for å fylgja opp pasientar på venteliste

Ansvaret for å fylgja opp pasientar på venteliste ligg til tenesteleiarane for omsorgstenesta aust/vest.

Om søkjar fyller kriterier for langtidsopphald, men kan få forsvarlege helse- og omsorgstenester i heimen i påvente av langtidsopphald, skal kommunen setje søkjar på vente/observasjonsliste om det ikkje er ledig plass. Ved ledig plass skal alle på ventelista vurderast av inntaksnemda. Ved ledig plass skal den med størst vurdert hjelpebehov utifrå kriteriene i § 4 prioriterast. Omsorgstenesta har ansvar for å halda oversikt over personer som ventar og å vurdera situasjonen jevnleg.

Oppfylgjing av pasientar på venteliste

I vedtaket skal det koma fram korleis søkjar skal få forsvarleg helsehjelp i påvente av plass i sjukeheim / omsorgsbustad med heildøgnstenester. Dette bør skje i god dialog med brukar og deira nettverk

Ventelista skal innehalda:

· tidspunkt for søknad

· vedtaksdato

· prioritet for kvar enkelt pasient.

§ 7 Iverksetjing

Forskrifta vert gjort gjeldande frå 1. oktober 2017 og i samsvar med vedtak i heradsstyret 25. september 2017.