Heimesjukepleie

Heimesjukepleie

Generelt

Skjema

pdf Søknad om helse og omsorgstenester (150 KB)

Omtale

Heimesjukepleie gir pleie og omsorg til sjuke og funksjonshemma i eigen heim. Slik reduserast behovet for sjukeheimsplassar. Tenesta kan for eksempel omfatta sårbehandling, personleg stell og medikamenthåndtering.

Målgruppe
Eldre, sjuke, funksjonshemma, o.a.

Kriterium/vilkår

Det er ditt behov som avgjer om du vil kunne motta tenesta. 

Pris for tenesta

Tenesta er gratis.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Dette er ei lovpålagt teneste. Se helse- og omsorgstjenesteloven §§ 3-1 og 3-2.

Lover

  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)
  • Lov om helsepersonell mv. (helsepersonelloven)
  • Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m (helse- og omsorgstjenesteloven) §3-1 - Kommunens overordnede ansvar for helse- og omsorgstjenester
  • Lov om kommunale helse - og omsorgstjenester m.m. (helse-og omsorgstjenesteloven) §3-2 - Kommunens ansvar for helse- og omsorgstjenester
  • Lov om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukerrettighetsloven)
  • Lov om pasient- og brukerrettigheter (pasient - og brukerrettighetsloven) kapittel 7 (klage)

Forskrifter

  • Forskrift om en verdig eldreomsorg (verdighetsgarantien)
  • Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator
  • Forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan ta kontakt med Bråvolltunet tlf nr 53 67 10 70 eller Utneheimen tlf nr 53 67 13 60 for å få hjelp til å fylla ut søknadsskjema. Avdleingssjukepleiar vil då etter avtale koma på vurderingsbesøk kor ho saman med deg vil kartleggja ynskja og behova dine nærare.

Vedlegg

Du må leggje ved ei fullmakt dersom det er ein annan som søkjer for deg.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Søknaden sendes til

Bråvolltunet, 5780 Kinsarvik
 
eller
 
Utneheimen, 5778 Utne

Søknadsbehandling

Snarast og seinast tre veker etter vurderingsbesøk, bli fatta eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta evt. omfattar.

Moglegheit til klage

Om du er missfornøyd med vedtaket, kan du klaga til heradet innan ein frist på tre uker fra du mottok det. Forklar kva du er misfornøyd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Om du treng vegleiing, kan du henvenda deg til heradet. Opprettheld heradet si avgjersle, kan du klage vidare til Fylkesmannen i Hordaland.
Du kan også klage på sjølve utføringa av tenesta. Klagen sender du til heradet eller direkte til eininga.