Heimehjelp

Heimehjelp

Praktisk bistand

Generelt

Du kan søkje om heimehjelp om du treng praktisk hjelp til reingjering, handling eller personleg stell. Det er heradet som i samarbeid med deg bestemmer kva tenester som skal ytast. Målet er at du skal væra i stand til å bu heime.

Skjema

pdf Søknad om helse og omsorgstenester (150 KB)

Kriterium/vilkår

Du har krav på bistand om du ikkje kan dra omsorg for deg sjølv eller er avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å greie dagleglivets gjeremål. Du har eit særleg hjelpebehov på grunn av sjukdom, funksjonshemming, alder eller av andre årsaker.

Pris for tenesta

Eigenbetaling for praktisk bistand.

Dokumenter

Egenandeler - oversikt fra Helse- og omsorgsdepartementet

Gjeldande lov - og regelverk

Dette er ei lovpålagt teneste

Lover

  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)
  • Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) §3-2 - Kommunens ansvar for helse- og omsorgstjenester

Forskrifter

  • Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester
  • Forskrift om en verdig eldreomsorg (verdighetsgarantien)
  • Forskrift om kvalitetet i pleie- og omsorgstjenestene

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan kontakte Bråvolltunet tlf nr 53 67 10 70 eller Utneheimen tlf nr 53 67 13 60 for å få hjelp til å fylla ut søknaden. Du har rett til å la næraste pårørande hjelpe deg med søknaden. Andre har også rett til å hjelpe deg. Det kan for eksempel vere ein nabo. Men da må du gje ei skriftleg fullmakt som du legg ved søknaden.

Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.
Søknaden sendes til
 
Bråvolltunet, 5780 Kinsarvik
 
eller
 
Utneheimen, 5778 Utne

Saksbehandlingstid

Søknaden vert handsama på inntaksmøte. Felles Inntaksmøte aust/vest kvar tysdag.
Om saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg beskjed om årsaken til dette. Du skal samstundes få opplyst når det antas at vedtaket vært fatta.

Søknadsbehandling

Før saka vært avgjort, vil avdelingssjukepleiar kartleggja ynskja og behova dine nærare. Om vi ikkje er kjend med situasjonen din, vil avdelingssjukepleiar ta kontakt med deg og avtala eit heimebesøk.
Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar. Vanligvis får du ei begrunning samstundes med vedtaket. Du får alltid ei begrunning om det kan tenkast at du vært misfornøgd med vedtaket. Om begrunninga ikkje fylger med, kan du få den ved å henvenda deg til heradet innan klagefrist for vedtaket utløper.

Moglegheit til klage

Om du er misfornøgd med vedtaket, kan du klage til heradet innan ein frist på tre uker fra du mottok det. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Om du treng vegleiing, kan du henvenda deg til heradet. Opprettheld heradet si avgjersle, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal tas til fylgje.