Fastlege

Fastlege

Generelt

Omtale

Fastlegen er ein allmennpraktiserande lege som har inngått avtale med heradet om å ta del i fastlegeordninga. Alle har rett til å vere knytt til ein fast, namngjeven allmennpraktiserande lege. Fastlegen skal vere tilgjengeleg for pasientane sine og skal prioritere desse framfor personar som ikkje står på lista til legen. Du kan sjølv velje kva for ein lege du vil ha som fastlege, men legen må ha ledig kapasitet og vere med i fastlegeordninga. Du kan velje ein fastlege i ein annan kommune enn den du bur i. Det er frivillig å vere med i ordninga, og du kan fritt velje ein lege som ikkje er med i fastlegeordninga, men då betaler du ein høgare eigendel. Dersom du har foreldreansvar for barn under 16 år, vel du også fastlege for barnet ditt. Du har krav på å behalde fastlegen din når du er på sjukeheim.

Målgruppe

Alle som bur i Noreg.

Kriterium/vilkår

Du må bu i Noreg. Legen må ha ledig kapasitet.

Pris for tenesta

Du betaler eigendel.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Heradet har plikt til å sørgje for denne tenesta.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Når du flytter til ein ny kommune/herad, vil du få legevalskjema med tilbod om å velje fastlege på den nye staden. Dersom du ikkje aktivt vel ein ny lege, vil du behalde den legen du hadde før flytting. Når du ønskjer å byte fastlege, kan du gå fram på ein av dei følgjande måtane:

  • Send inn det skjemaet du har motteke
  • Gå inn på "MinFastlege" (sjå lenke under) og ordne bytet sjølv på nettet
  • Har du ikkje høve til å bruke Internett, kan du ringje fastlegekontoret på telefon 810 59 500. Ha fødselsnummeret ditt (11 siffer) klart før du ringjer. Fastlegekontoret kan fortelje deg om tilgjengelege fastlegar og setje deg på lista til den fastlegen du ønskjer deg dersom legen har ledig kapasitet

Bytet gjeld frå den første dagen i månaden etter at bytet er registrert. Du vil få eit brev som stadfester at du er tildelt ny fastlege.

Lenkje til Min fastlege

Moglegheit til klage

Dersom du meiner at du ikkje har fått dei tenestene du har krav på, kan du vende deg til heradet. Elles gjeld reglane i pasientrettlova om høve til å klage, sjå kapittel 7. Dersom du ikkje er nøgd med fastlegen din, kan du bruke retten til å skifte. Du har rett til å skifte fastlege inntil to gonger kvart kalenderår.