Heimebesøk til deg over 75 år

Eit tilbod som kan gjera det lettare å verta buande i eigen heim

Skjema

pdf Søknad om helse og omsorgstenester (150 KB)

Omtale

 Dei fleste ynskjer å verta buande i sin eigen heim så lenge som mogleg. Med litt hjelp, kunnskap og tilrettelegging kan dette vera mogleg for mange. Når ein er 75 år er det viktig å byrje å tenke på alderdomen og setje i verk tiltak som ein kan dra nytta av når ein vert eldre.

 Ullensvang herad tilbyr eit førebyggjande og helsefremjande heimebesøk til dei som vert 75 år.

Initiativet til ”Heimebesøk for eldre” kom frå Ullensvang eldreråd (31.03.11)

 

Utdrag av vedtak Ullensvang heradstyre (HST 030/12):

Heimebesøk til personar - 75 år og eldre - skal vera eit lågterskeltilbod, uavhengig av miljømessige, sosioøkonomiske, arvelege og/eller kulturell bakgrunn.

Tilbodet er frivillig. Det skal utarbeidast ein informasjonsperm med oversyn over aktuelle tenester og aktivitetar. Dette vert organisert som eit prosjekt  leia av prosjektsjukepleiar og folkehelsekoordinator.”

Målet er å skapa tryggleik gjennom heimebesøk. Det skal fokuserast på dine ressursar og evne til eigenomsorg, stimulera til eigenmeistring og innsats for velferd.  Det skal stimulera til å bu i eigen bustad lengst mogeleg.

Heimebesøk til deg som er 75 år er eit ledd i Ullensvang herad sitt førebyggjande arbeid. Føremålet med heimebesøket vil vera førebyggjande rådgjeving om brann, fallførebygging, fysisk aktivitet, kosthald/ernæring, radonfare, røyking med meir. Ein ynskjer også å oppdage på eit tidleg stadium fysisk eller mental svikt, bidra til å bryte isolasjon og einsemd, gje informasjon om ulike aktivitetstilbod, og samarbeid med frivillige lag og organisasjonar.

Heimebesøk – slik gjer vi det:

Det året du fyller 75 år tar heradet kontakt per brev med tilbod om heimebesøk. Vi set stor pris på om du gir beskjed tilbake om du ikkje er heime til avtalt tid eller ynskjer å endre tid for avtale. Tilbodet er frivillig og kostnadsfritt for den enkelte. Ergoterapeut som gjennomfører heiemebesøk har teieplikt.

Lenkjer til meir informasjon:

 

1. pdf Brosjyre - Heimebesøk (409 KB)
2. pdf Viktige telefonnummer (11 KB)
3. pdf Dikt - ukjend (10 KB)
4. pdf Heradsbrosjyre (453 KB)
5. pdf Tenester - Ullensvang herad: heradshuset (123 KB)    
6. pdf Lofthus legekontor (382 KB)                                                   Lenkje til nettside

7. pdf Utne legekontor (84 KB)

  Lenkje til nettside

8. Omsorgstenesta (nettside)
9. Fysioterapi – og ergoterapi tenesta (nettside)

10. pdf Psykisk helse tenesta (167 KB)

pdf (167 KB)  Lenkje til nettside

11. Frisklivssentralen (nettside)
12. pdf Dikt - Erik Dibbern (12 KB)
13. Frivilligsentralen (nettside)
14. pdf Eldrerådet (21 KB)

15. pdf TT - kort (85 KB)

Lenkje til Hordaland fylke

Lenkje til HelseNorge

16. Førerkort (nettside Vegvesenet)
17. Frikort (nettside HelseNorge)
18. pdf Dikt - Hans Børli (11 KB)
19. pdf Bustadtilpassing (503 KB)
20. pdf Førebygging av fall (43 KB)
21. pdf Sjekkliste for bustader (17 KB)
22. Brannførebygging – sjekkliste for eigenkontroll

23. pdf Informasjon om radon (59 KB)

Lenkje til heradet si nettside

24.Vern for eldre (nettside)

Lenkje til brosjyre frå Vern for Eldre

25. Brosjyre – Alkohol og legemidler
26. Helserisiko ved røyking og snusing (nettside)
27. pdf Dikt - Olav H. Hauge (10 KB)
28. Nøkkelråd for eit sunt kosthold
29. Kosthald – Kva har du i posen
30. Skapt for bevegelse – fysisk aktivitet og eldre
31. Biblioteka i Ullensvang (nettside)
32. Hardanger folkemuseum (nettside)
33. Senioruniversitetet (nettside)
34. Ullensvang herad - kultur (nettside)