Fritidsriding

Fritidsriding

Ullensvang herad har i samarbeidar med Hardanger hesteterapi v/ Trude Elisabeth Bakken tilbod om fritidsriding for barn, unge og vaksne i heradet.

Målgruppe for fritidsridinga:

  • Barn, unge og vaksne med psykisk og fysisk funksjonshemning
  • Barn og unge – gjennom tiltak via Hardanger barnevern
  • Barn og unge i barnehage og grunnskulen – ridetilbod som del av utdanningstilbodet

Søknadsskjema hjå NAV Ullensvang – sosialtenesta

Rammer rundt tilbodet:

  • Tilbodet tilpassas kvar bruker individuelt
  • Dei fleste har eit totimars tilbod ein gong i veka
  • Maks to stykk om gongen, og då skal begge ha utbytte av å vere saman på tilbodet
  • Tilbodet fylgjer skuleruta i Ullensvang herad

Tilbodet er tredelt:

  • Henta hesten frå beitet, er med å striglar og tar på utstyr som sal, hovudlag, sele m.m. på hesten.
  • Aktivitet med hesten – riding på bane eller ut i naturen, kjøring med vogn på bane eller ut i naturen, tilpasset voltige på bane, bakkearbeid med hesten – leieteknikk, horsemanship m.m.
  • Stallarbeid – for eksempel møkking av boksar, vask og smøring av utstyr, fôre hestane m.m.

Kvifor er hesten ein god terapeut?

Fysiske gevinstar ved hest:

  • Fysisk aktivitet
  • Positiv utvikling av grov – og fin motorikk
  • Når man rir bevegast nesten alle muskelgrupper
  • Gir betre balanse, holdning, konsentrasjon og kroppsbevisstheit
  • Normaliserer muskeltonus og avslapning av spastiske musklar
  • Betre koordinasjon
  • Riding er bekkenbunnstrenande og kontrakturførebyggande
  • Stimulerer sansane

Psykiske gevinstar ved hest:

  • Mestring som igjen førar til auka sjølvtillit og betre sjølvbilete
  • Hesten kan virke angstdempande
  • Hesten er tydeleg, har ingen skjult agenda, har tydeleg kroppspråk
  • Hesten er eit dyr som viser stor evne til empati

Sosiale gevinstar ved hest:

  • Stallmiljøet er generelt prega ev rutinar, reglar, struktur og forutsigbarhet
  • I stallen viser vi omsorg, tryggleik, likeverd og respekt for kvarandre og det levande liv generelt er viktige verdiar
  • Ryttaren må læra seg å venta på tur og å samarbeide. Med både hesten og dei andre menneska som er i stallen.
  • Man må væra tydeleg og rettferdig ovanfor hesten, er man ikkje det, oppnår ein ikkje dei resultata ein ynskjer.
  • Får auka kunnskap ikring hest, riding, køyring, stell av hest og ulike oppgåver i stallen.