Ullensvang hukommelsesteam

Ullensvang hukommelsesteam

Har du utfordringar med å meistre små eller store oppgåver i kvardagen?

Då kan du eller dine pårørande ta kontakt med din fastlege eller oss så tidleg som mogleg. Det kan spare deg og dine pårørande for frustrasjon og engstelse.

Hukommelsesteamet i Ullensvang består av ein sjukepleiar og tre hjelpepleiarar, i samarbeid med ergoterapeut og lege  Me har ein brosjyre som ein kan få på legekontora og sjukeheimane i heradet .

  • Hukommelseteamet i Ullensvang kan gje
  • råd og vegleiing
  • utredning
  • kartlegging av behov for hjelp
  • tilrettelegging av daglege aktivitetar (inkl.hjelpemidlar)
  • gje oversikt over pleie – og omsorgstilbodet i kommunen
  • oppfølging av vedkommande og pårørande

Dette er ei gratis tjeneste

Me kan kontaktas på Bråvolltunet (53 67 10 70) eller Utneheimen (53 67 13 60) , eller på e-post Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.