Bustøtte

Bustøtte

Kva er bustøtte?

Bustøtte er ei behovsprøvd statleg støtteordning for deg som har låg inntekt og høge bukostnader. 
Husbanken og kommunen samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken fattar vedtaka, men det er kommunen som behandlar søknadene og har all kontakt med deg som søkjar.

Kven kan få bustøtte?

På nettsidene til Husbanken kan du sjå kven som kan få bustøtte, kva slag krav som gjeld for bustaden og kva slag grenser for inntekt som gjeld. 
Sjekk om du kan få bustøtte (lenkje til http://www.husbanken.no/bostotte/hvem-kan-fa-bostotte/ )

Korleis søkjer ein bustøtte?

Du kan søkje bustøtte elektronisk eller på papir. Søknadsfristen for bustøtte er den 14. kvar månad. Utbetalinga kjem omkring den 10. i månaden etter.
Søk bustøtte (lenkje til http://www.husbanken.no/bostotte/slik-soker-du/ ) 
Papirsøknader skal du sende til <legg inn kommunen/kontornamn, postadresse>.

Du må melde frå om endringar
Dersom du får samtykke om bustøtte, treng du ikkje søkje kvar månad. Men du må melde frå skriftleg til kommunen
•    dersom det skjer vesentlege endringar i inntekt og formue (då må du sende inn eige skjema)
•    dersom du/de flyttar til ein ny bustad (då må du også søkje på nytt)
•    dersom ein eller fleire personar flyttar inn eller ut av bustaden
•    dersom bukostnadene endrar seg
•    dersom ein i huslyden blir student
Melde frå om endringar (lenkje til http://www.husbanken.no/bostotte/meld-fra-om-endringer/ )

Klage på vedtak om bustøtte

Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker frå du fekk melding om vedtaket. I nokre høve må du fylle ut eit eige klageskjema. Klagen skal du sende til kommunen. 
Klage på vedtak om bustøtte (lenkje til http://www.husbanken.no/bostotte/slik-klager-du-pa-bostotte/ )
Ønskjer du å søkje bustøtte for komande månader, må du sende inn ny søknad til kommunen.

Meir informasjon

Du finn meir informasjon om bustøtte på Husbankens bustøttesider (lenkje tilhttp://www.husbanken.no/bostotte/ ). Du kan også ta kontakt med kommunen for å få hjelp og rettleiing. 

<legg inn kontornamn, besøksadresse, telefonnummer>

 

Regelverk
•    Lov om bostøtte (http://lovdata.no/dokument/NL/lov/2012-08-24-64)
•    Forskrift om bustøtte (http://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2012-11-29-1283?q=FOR-2013-12-12-1495)