Økonomisk rådgiving

Økonomisk rådgiving

Generelt

Omtale

Heradet gir økonomisk rådgiving til dei som har betalingsproblem eller gjeldsproblem. Rådgivinga kan for eksempel vere hjelp til å setje opp eit realistisk budsjett, men kan også vere forhandling med kreditorar og hjelp til å inngå ei betalingsavtale.

Målgruppe

Privatpersonar med økonomiske problem / gjeldsproblem i Ullensvang herad

Kriterium/vilkår

Du skal sjølv etter beste evne prøve å komme fram til ei ordning med fordringshavarane.

Pris for tenesta

Tenesta er gratis.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Dette er ei lovpålagd teneste.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Dersom du treng hjelp til å styre din eigen økonomi, eller dersom du har gjeldsproblem, kan du kontakte sosialkontoret eller bustadkontoret i kommunen.

Vedlegg

Til det første møtet bør kunne dokumentere at du har prøvd å gjera noko sjølv jf råd på internett sida til Fjell kommune, og du bør ha med deg dette:
  • Kopi av dei tre siste lønns-/trygde-/stønadsutbetalingane (sjekk om det er gjort trekk for dekking av gjeld på desse utbetalingane)
  • Kopi av kvitteringar for utgiftspostar som blir vurderte som store, eller andre kvitteringar som det er grunn til å sjekke
  • Kopi av likningsattest
  • Kopi av skatteoppgjeret og utskrift av likninga for siste skatteåret
  • Årsoppgåver (i samband med sjølvmeldinga) frå långivarane
  • Årsoppgåver i samband med bidragsgjeld
  • Ev. utleggsoppmodingar
  • Ev. innkalling til forliksrådet
  • Oversikt over pant som heftingar ved eigen bustad
  • Oversikt over pant som heftingar ved eigen bil

Søknaden sendes til

Ullensvang herad, 5780 Kinsarvik

Saksbehandlingstid

Heradet har plikt til å behandle saka så snart som råd.