Tverrfaglege samarbeidsgrupper i Ullensvang herad

Tverrfaglege samarbeidsgrupper i Ullensvang herad

Generelt

Omtale

”Ungdomsforum” og ”Tiltaksgruppa for barn og unge”.

”Ungdomsforum”

Har fokus på saker som omhandlar ungdom i Ullensvang.
Skal arbeida forebyggande mellom anna i forhold til rus- og kriminalitetsproblematikk. Finna gode tiltak for einskildindivid og grupper/miljø. Gruppa består av representantar frå politi, sosial/barnevern, ungdomsskulane, helsestasjon og psykiatritenesta.

Faste møter annankvar månad eller oftare ved behov.

”Tiltaksgruppa for barn og unge”

Gruppa skal tena som ressursbase i høve til einskildborn og grupper i førskulealder og skulealder. Arbeidet skal vera førebyggande og/eller problemløysande og skal sikra at barn og unge får tidleg hjelp. Føresette kan søkja samarbeid/rettleiing/konsultasjon i gruppa. Gruppa skal arbeida i tett dialog med skulane og barnehagane i kommunen.

Faste møter ”ute” gjennom heile året. Gruppa består av representantar frå barnehage, skule, PPT, barnevern, helsestasjon og spesialpedagog.