Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm

Generelt

Skjema

pdf Søknad om helse og omsorgstenester (150 KB)

Omtale

Bur du aleine og har behov for å kunna tilkalla hjelp i akutte situasjoner, kan du  søka om tryggleiksalarm.
Tryggleiksalarmen er knytta til ein vaktsentral, for tida på Hamarøy. Vaktsentralen formidlar kontakt vidare til Bråvolltunet/Utneheimen. Heimesjukepleien rykkjer ut heile døgeret dersom alarmen går.

Målgruppe

Eldre, funksjonshemma og andre som føl seg utrygge ved å bu aleine.

Pris for tenesta

Leige av tryggleiksalarm kostar for tida kr 145,- pr. månad. Rekning vært sendt fra bedrifta Vakt og Alarm, som Ullensvang Herad har avtale med. .

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Tenesta er ikkje lovpålagd.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan ta kontakt med Bråvolltunet tlf nr 53 67 10 70 eller Utneheimen tlf nr 53 67 13 60 for å få hjelp til å fylle ut søknadsskjema. Ansatte på Bråvolltunet/Utneheimen vil då ta kontakt med deg for å avtala heimebesøk.

Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Søknaden sendes til

Bråvolltunet, 5780 Kinsarvik
eller
Utneheimen, 5778 Utne

Saksbehandlingstid

Heradet vil behandle søknaden så snart råd er.

Søknadsbehandling

Det vært skrive ein kontrakt med selskapet "Vakt og Alarm" der du mottek faktura og betaler for 3-tre mnd påforskot.

Moglegheit til klage

Du kan ikkje klage på denne tenesta då ho ikkje er lovpålagt. Men avtalen med selskapet "Vakt og Alarm" kan seiast opp.