Teknisk hjelpemiddel

Teknisk hjelpemiddel

Generelt

Omtale

Målgruppe

Kriterium/vilkår

Pris for tenesta

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan kontakte Bråvolltunet tlf. nr. 53 67 10 70 eller Utneheimen tlf. nr. 53 67 13 60 for å få hjelp til å fylla ut søknaden. Du har rett til å la næraste pårørande hjelpe deg med søknaden. Andre har også rett til å hjelpe deg. Det kan for eksempel vere ein nabo. Men da må du gje ei skriftleg fullmakt som du legg ved søknaden.

Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Søknaden sendes til

Bråvolltunet
5780 Kinsarvik
 
eller
 
Utneheimen
5778 Utne

Saksbehandlingstid

Før saka vert avgjort vil avdelingssjukepleiar kartleggja ynskja og behova dine nærare. Om vi ikkje er kjend med situasjonen din, vil avdelingssjukepleiar ta kontakt med deg og gjere avtale om heimebesøk. Søknaden vert handsama ipå inntaksmøte. Inntaksmøte kvar veke.

Søknadsbehandling

Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Moglegheit til klage

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp frå heradet, kan du etter kommunehelsetenestelova klage over dette til heradet og deretter til Helsetilsynet i fylket. Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. I klagen må du greie ut om kva forhold det er du klagar over. Du bør beskrive kva du ønskjer endra, og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Klagen blir send den instansen i heradet som har behandla saka. Dersom heradet held fast ved avgjerda si, blir klagen send vidare til Helsetilsynet i fylket.

Som mottakar av helsetenester kan du etter pasientrettslova også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast kommunen eller direkte til tenesteytaren slik at det skal vere mogleg å løyse saka på det lågaste nivået.