Sjukeheim - langtidsopphald

Sjukeheim - langtidsopphald

Generelt

Skjema

pdf Søknad om helse og omsorgstenester (150 KB)

Omtale

Får du ikkje dekka ditt daglege behov for pleie og omsorg når du bur heime, kan du søke om ein plass på sjukeheim.

Kriterium/vilkår

Vilkår som vert lagt til grunn er: langt komen aldersdemens, varig sjukdom og lyte som er uforeineleg med å bu heime, særs vanskeleg heimesituasjon.

Pris for tenesta

Heradet kan krevje vederlag av bebuaren. Vederlaget er fastsett i statleg forskrift (sjå under Lover og retningslinjer).

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Dette er ei lovpålagt teneste.

Lover

  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)
  • Lov om helserpersonell mv. (helsepersonelloven)
  • Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgtjenesteloven)
  • Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) kap.3 - Kommunenes ansvar for helse- og omsorgstjenester
  • Lov om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukerrettighetsloven) kapittel 7(klage)

Forskrifter

  • Forskrift for sykehjem og boform for heldøgns omsorg og pleie
  • Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester
  • Forskrift om en verdig eldreomsorg (verdighetsgarantien)
  • Forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Ta kontakt med:
Bråvolltunet sjukeheim,  Ullensvang Aust tlf. nr 53 67 10 70
Utneheimen sjukeheim, Ullensvang Vest tlf nr. 53 67 13 60

Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.

Saksbehandling

Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggja dine ynskjer og behov nærare. Normalt vil me kome på heimebesøk. Får du tildelt sjukeheimsplass, skal hjelpebehovet ditt framgå av vedtaket. Vanlegvis får du ei begrunning samstundes med vedtaket. Du får alltid ei begrunning om det kan tenkast at du vært misfornøgd med vedtaket. Om begrunninga ikkje fyljger med, kan du få den ved å henvenda deg til heradet innan klagefristen for vedtaket utløper.

Saksbehandlingstid

Heradet har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort. Søknaden vert handsama på eit felles inntaksmøte, kvar tysdag.

Moglegheit til klage

Dersom du er misfornøgd med vedtaket, kan du klage til heradet innan ein frist på tre uker fra du mottok det. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Om du treng vegleiing, kan du henvenda deg til heradet. Opprettheld heradet si avgjersle, kan du klaga vidare til Fylkesmannen.

Du kan også klaga på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast heradet eller direkte til tenesteytaren slik at det skal vere mogleg å løyse saka på det lågaste nivået.