Sjukeheim - korttidsopphald

Sjukeheim - korttidsopphald

Omtale

Målgruppe

Du kan søkja om kortidsopphald på sjukeheim om du for eksempel treng opptrening etter sjukdom eller utredning. Det er tre typer kortidsopphald:
  • døgnopphald (minst 24 timar)
  • dagopphald
  • nattopphald
Personar som har behov for rehabilitering, habilitering, utgreiing med meir.

Kriterium/vilkår

Ulike kriterie som vert lagt til grunn for tildeling av korttidsplass er: fysiske tilhøve, vurderingsopphald etter sjukehusopphald, akutt sjukdom - rehabilitering, psykososiale tilhøve, butilhøve.

Pris for tenesta

Betaling for korttidsopphaldet er pr 01.01.2012 kr 133,- pr. døgn.
Ved plass utover 60 døgn pr. kalenderår vert det krevd vederlag som for fast plass. Dette gjeld ikkje reine dag/nattopphald.
 
Prisen vert regulert årleg.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Heradet pliktar å sørgje for denne tenesta.
 

Lover

  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)
  • Lov om helsepersonell mv. (helsepersonelloven)
  • Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m.(helse- og omsorgstjenesteloven) kap. 3 - Kommunenes ansvar for helse- og omsorgstjenester
  • Lov om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukerrettighetsloven)
 

Forskrifter

  • Forskrift for sykehjem og boform for heldøgns omsorg og pleie
  • Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester
  • Forskrift om en verdig eldreomsorg (verdighetsgarantien)
  • Forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan kontakte Bråvolltunet tlf nr 53 67 10 70 eller Utneheimen tlf nr 53 67 13 60, for å få hjelp til å fylla ut søknaden. Du har rett til å la næraste pårørande hjelpe deg med søknaden. Andre har også rett til å hjelpe deg. Det kan for eksempel vere ein nabo. Men da må du gje ei skriftleg fullmakt som du legg ved søknaden.

Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Søknaden sendes til

Bråvolltunet, 5780 Kinsarvik
eller
Utneheimen, 5778 Utne

Saksbehandlingstid

Heradet skal behandla saka så snart som mogeleg. Felles inntaksmøte aust/vest kvar tysdag. Om saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. Du skal samtidig få opplyst kor tid det antas at vedtaket vært fatta. 

Søknadsbehandling

Før saka vert avgjort, vil avdelingssjukepleiar kartleggja ynskja og behova dine nærar. Normalt vil me kome på heimebesøk. Deretter vil det bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Moglegheit til klage

Om du er misfornøgd med vedtaket, kan du klaga til heradet innan ein frist på tre uker fra du mottok det. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Om du treng vegleiing kan du henvenda deg til heradet. Opprettheld heradet si avgjersle, kan du klaga vidare til Fylkesmannen.

Du kan også klaga på sjølve utføringa av tenesta. Klagen sender du til heradet eller direkte til tenesteytar.