Sjukeheim - avlastningsopphald

Sjukeheim - avlastningsopphald

Generelt

Skjema

pdf Søknad om helse og omsorgstenester (150 KB)

Omtale

Avlastningsopphald på sjukeheim kan søkjast av personar som har omsorgsoppgåver heime. Den hjelpetrengande sjølv - som også kan søkje - får eit tidsavgrensa opphald i institusjon.

Målgruppe

Omsorgsytar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid

Kriterium/vilkår

Personar som får avlastning, må ha eit særleg tyngande omsorgsarbeid i heimen. Momenter som kan takast med i  betraktning, er blant anna om søkjar arbeider mange timar pr. månad med omsorgsarbeid, om arbeidet er meir belastande enn vanleg og om det fører til avbrutt nattesøvn eller sosial isolasjon.

Pris for tenesta

Heradet kan ikkje kreve betaling for avlastningsopphald.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Heradet pliktar å sørge for denne tenesta, sjå helse- og omsorgstjenesteloven.

Lover

  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)
  • Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) § 3-2-Kommunens ansvar for helse- og omsorgstjenester

Forskrifter

  • Forskrift om en verdig eldreomsorg (verdighetsgarantien)
  • Forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan kontakte Bråvolltunet tlf nr 53 67 10 70 eller Utneheimen tlf nr 53 67 13 60, for å få hjelp til å fylla ut søknaden. Du har rett til å la næraste pårørande hjelpe deg med søknaden. Andre har også rett til å hjelpe deg. Det kan for eksempel vere ein nabo. Men da må du gje ei skriftleg fullmakt som du legg ved søknaden.

Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Søknaden sendes til

Bråvolltunet, 5780 Kinsarvik
eller
Utneheimen, 5778 Utne

Saksbehandlingstid

Før saka vert avgjort, vil avdelingssjukepleiar kartleggja ynskja og behova dine nærare. Om vi ikkje er kjend med situasjonen din, vil avdelingssjukepleiar ta kontakt med deg og gjere avtale om heimebesøk. Søknaden vert handsama på inntaksmøte. Felles inntaksmøte aust/vest kvar tysdag.

Søknadsbehandling

Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar. Om saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg beskjed om årsaken til dette. Du skal samstundes få opplyst når det antas at vedtaket blir fatta.

Moglegheit til klage

Både omsorgsytar og den hjelpetrengande sjølv kan klaga på avgjersla. Du kan klaga til heradet innan ein frist på tre uker fra du mottok vedtaket. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Om du treng vegleiing, kan du henvenda deg til heradet. Opprettheld heradet si avgjersle blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal tas til fylgje.