Rehabiliteringsteam

Rehabiliteringsteam

Generelt

Omtale

Rehabiliteringsteamet i Ullensvang herad er sett saman av leiande kommunefysioterapeut, kommunelege I, leiar helse/velferd, psykiatrisk sjukepleiar, sosialkurator, leiar for omsorgstenesta aust/vest og leiande helsesyster.

Oppgåver

1) Koordinere tenestene til personar som treng rehabilitering og opptrening etter skade eller sjukdom. Teamet arbeider på ulike arenaer, avhengig av brukaren sine behov. Dei ulike arenaene er vanlegvis i heimen eller på institusjon, men ein kan òg ta utgangspunkt i nærmiljøet eller arbeidsplassen.

Tenesta vert tildelt i samsvar med vedtak om rehabilitering og er tidsavgrensa. Målet er at personen skal oppnå best mogeleg funksjons- og mestringsevne, sjølvstende og deltaking sosialt og i samfunnet. Dette kan til dømes vere å kome tilbake til arbeid, vere i stand til å reise på fisketur, kunne bu heime eller klare å kle på seg sjølv.

2) Tildeling av omsorgsbustader. Dette vert gjort etter grundig tverrfagleg vurdering. For søknadsskjema og søkjarinformasjon trykk her.

3) Informere om hjelpetenester i heradet og legge til rette, hjelpe, støtte og rettleie i ei vanskeleg og krevjande tid.

Målgruppe

Personar over 18 år med funksjonstap. Personen må vere motivert for, og kunne nyttegjere seg av målretta og tidsavgrensa rehabilitering. Tenesta vert tildelt i samsvar med vedtak om rehabilitering.

Til orientering

Personar under 18 år med behov for koordinerte tenester kan ta kontakt med habiliteringskoordinator.
Telefon: 53 67 15 32

Kontaktinformasjon

Leiar for rehabiliteringsteamet, Tff: 53 67 10 78,  95 79 52 22.

Postadresse
Rehabiliteringsteamet i Ullensvang herad
Heradshuset
5780 Kinsarvik