Helse- og omsorgsplan 2022-2023

Helse og omsorgsplan 2022-2023 er utarbeida for å vise satsingsområder for sektoren i komande år, og vart vedteke i Kommunestyret 09.11.22.

Helse og omsorgsplan skal vera ein overordna plan som peikar mot ei framtid, ei utvikling og kva sektoren må førebu seg på. Innhaldet i planen inkluderer alle tenester som sektoren leverer, men går ikkje inn i detaljar knytt til den konkrete tenesteleveransen for kvar einskild teneste. I staden seier planen noko om opplevd status i dag, utfordringar ein ser i planperioden og moglegheitsbiletet for korleis sektoren og kommunen bør innrette seg for å imøtekoma framtidas behov.