Fysio / ergoterapitenesta Ullensvang herad

Fysio- og ergoterapitenesta Ullensvang herad

Generelt

Tenesta er å finna, desse stadane:

Utne helsesenter
  • fysioterapeut Kristofer Dyga
Bråvolltunet
  • leiande fysioterapeut Anne Catrin E Eidnes
  • turnuskandidat
  • ergoterapeut Aina Samnøy
Tunvoll fyiskalske institutt
  • Fysioterapeut Arne Lutro
  • fysioterapeut Marta E Utne
    fysioterapeut Karianne Meling Seim er vikar fram til 1.mai 2018
  • leiande fysioterapeut Anne Catrin E Eidnes

 

Fysioterapeutane gjev tenester på begge sjukeheimane. Det same gjeld ergoterapeut som i tillegg gjennomfører mange heimebesøk. Dei har elles samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar.

Fysioterapeutane og ergoterapeuten jobbar innanfor rammene som kommunehelsetenestelova gjev.

  • Helsefremmande-  og førebyggjande arbeid
  • Diagnose og behandling
  • Rehabilitering / habilitering
  • Pleie og omsorg

Målet for tjenesten er å bidra til at barn og voksne mest mulig selvstendig skal kunne meistra kvardagen og delta i samfunnet elles.

For å nå målet samarbeide tenesta med barnehage, skule, helsestasjon, pleie og omsorgtjenesten, sjukekeheim, fastleger, sjukehus m fl.

Tenesta inngår som ein viktig  del av heradet sitt tverrfaglege habiliterings- og rehabiliteringstilbod.

Ergoterapiteneste

Omtale

Har du vanskar med å gjennomføra dine daglege gjeremål pga sjukdom, skade eller andre årsaker, kan du ha god nytte av tenester frå ergoterapeut.

Ergoterapeuten

  • Gjev menneske mogelegheit til å leve eit aktivt liv og delta i samfunnet
  • Hjelp til med å finna løysingar når det oppstår eit gap mellom helsa di og krava i kvardagen
  • Kan hjelpa deg til å finna ut  kva som er viktig i livet til ditt, og ynskjer å legge til rette for eit så aktivt liv som mogleg
  • Kan kartleggja dine funksjoner og tilpassa dine aktiviteter og arbeidsvaner
  • Formidlar og tilpassar tekniske hjelpemidler
  • Tilrettelegg dei fysiske omgivnadane i heimen, barnehage/skule og på arbeidsplassen.

Målgruppe

Alle som bur eller oppheld seg i heradet og som har eller risikere å få midlertidige eller varige endringar i utføring av daglege aktivitetar eller deltaking  i samfunnet.

Brukar sjølv, pårørande/foreldre og samarbeidspartnarar kan ta kontakt enten munnleg eller skriftleg.

Brosjyrar, dokument ol.

helsenorge.no - ergoterapi
Pasient og tolk. En brosjyre om tolk i helsetjenesten
Håndbok om helse- og omsorgstjenesten i kommunen
Hva er viktig i livet ditt? Informasjonsbrosjyre om ergoterapi

Pris for tenesta

Tenesta er gratis 

Kontaktliste for ergoterapeuten i Ullensvang herad

Ergoterapeut Aina Samnøy  tlf: 901 04 871

Fysioterapiteneste

Omtale

Fysioterapeuten sitt kunnskapsfelt er kropp, rørsle og funksjon.

Fysioterapi skal forebyggja eller behandla sjukdom/skade og arbeida for rehabilitering.

I den kommunale fysioterapitjenesta er det kommunalt tilsette fysioterapeutar  og fysioterapeutar med driftsavtale.

Fysioterapeutane gjennomfører undersøking, vurdering av motorikk, behandling, trening, gruppetrening, veiledning m.m.

 

Målgruppe

Alle som bur eller mellombels oppheld seg i heradet og som treng fysioterapitiltak har rett på tenester.  
Brukar sjølv,pårørande/ foreldre og samarbeidspartnarar kan ta kontakt. Fysioterapeuten i kommunen eller legen din vil gjere ei undersøking og ei fagleg vurdering av behovet for tenesta. Du kan motta tenesta anten du bur heime eller på institusjon. Bur du heime og ikkje er i stand til oppsøkja fysikalsk institutt, prøver ein på best mogleg måte å følgja opp i heimen.

Brosjyrar, dokument ol.

Egenandel hos fysioterapeut og manuellterapeut
Pasient og tolk. En brosjyre om tolk i helsetjenesten
helsenorge.no - fysioterapi
Håndbok om helse- og omsorgstjenesten i kommunen
Frikort for helsetjenester

Pris for tenesta

Pasientar betaler eigenandel for behandling, fastsett av Stortinget.

Takstane gjeldane for behandling hos kommunal tilsett fysioterapeut og fysioterapeut med drifttilskud i heradet.

Barn under 16 år og personar med godkjend yrkesskade slepp å betale eigenandel hos fysioterapeut.  

 

Stortinget vedtok  1 januar 2017 nye retningsliner for behandling og betaling. Noko som gjer  at nye pasientgrupper må betala ein egenandel frå fyrste behandling som elles i helsetenesta.

Utgifter til all behandling har ei utgiftsgrense kr 1990 frå januar 2017, etter dette får pasienten frikort for resten av kalenderåret.

 

Kontaktliste for fysioterapeutar i Ullensvang herad

Bråvolltunet:

Leiande fysioterapeut, Anne- Cathrin Eimhjellen Eidnes, Tlf: 957 95 222

Fysioterapeut i turnus (ny kandidat 15. feb. og 15. aug.) tlf.  906 04 857

Utne helsenter:

Kristoffer Dyga 30 % kommunal stilling og 70 % privat med driftstilskot  tlf. 53 67 13 55 / 913 81 402

Tunvoll fysikalske, Lofthus:

Arne Lutro 100% privat med driftstilskot, tlf: 402 18 550

Martha Eitrheim :75 % privat med driftstilskot  tlf: 984 38 886

Lovar og retningslinjer

Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator §§ 7 og 8
Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator
Lov om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukerrettighetsloven) § 1-3 Definisjoner
Forskrift om registre for administrering og samordning av syketransport (syketransportregisterforskriften)
Lov om folketrygd (folketrygdloven) § 5-8 Fysioterapi
Lov om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukerrettighetsloven) kapittel 7 (klage)
Forskrift om stønad til dekning av utgifter til fysioterapi m.m.