Ullensvang bibliotek

Ullensvang bibliotek

Generelt

Omtale

Ullensvang bibliotek er plassert på Utne (i gamlebanken), i Kinsarvik (i 2. etg. i Kjobergbygget over Spar) og på Nå. I tillegg driftast skulebiblioteka på begge sidene av fjorden.
Biblioteka er fyrst og fremst ein stad for å låna bøker, lydbøker, filmar og pc-spel. I tillegg har du høve til å setja deg ned og nytta ein av dei tilgjengelege datamaskinane, lesa aviser og tidsskrift eller spela spel. 
I Kinsarvik er biblioteket knytta mot ungdomsbasen som låner lokala kvar onsdag kveld til ulike spel og aktivitetar, og triveleg samvær for ungdom. 
På biblioteka finn du både populær, omdiskutert og meir smal litteratur og film. Dersom du er på jakt etter noko me ikkje har, vil me anten låna frå andre bibliotek eller kjøpa inn det du ynskjer. Av og til skipar me til arrangement som t.d. forfattarbesøk og foredrag om aktuelle tema.

Biblioteket er for alle, -velkomen skal du vera!

Nettside for biblioteka i Hardanger

Biblioteka i Hardanger har no felles nettside. Du finn den på

http://ullensvangbibliotek.no/

Websøk

På denne nettstaden kan du søkje blant eit stort tal bøker og andre dokument. Dersom du finn noko du liker, kan du også reservere eller bestille tittelen. Dersom du loggar deg inn, får du oversikt over alle låna dine, og kan også fornye låna.

Lenkje:http://websok.mikromarc.no/ullensvang-fb

Du kan og søka her: Samsøk for alle biblioteka i Hordaland

Kontaktinformasjon

Kinsarvik

  • E-post : Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
  • Telefon: 476 86 145
  • Opningstider
    • Måndag 12-16
    • Tysdag 12-16
    • Onsdag 12-19
    • Fredag 12-16
    • Torsdag stengt

Utne

  • E-post :: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
  • Tlf : 904 09 736
  • Fax: 53 66 69 52
  • Opningstider
    • Måndag: 10:00 – 17:00
    • Torsdag: 12:00 – 18:30
     

  • E-post : Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
  • Tlf : 46 85 80 96
  • Opningstider
    • Tysdag 15.00 - 19.00