Barnehagar

Barnehagar

Ullensvang herad har 5 barnehagar. Aga barnehage, Kinsarvik barnehage, Sekse barnehage, Utne barnehage og Veisane barnehage (på Lofthus).
Det er tilsett utdanna pedagogisk personale i alle barnehagane, i tillegg til fagarbeidarar og assistentar. Ullensvang har tilnærma full barnehagedekning. Barnehagetilbodet er godt tilpassa brukarane sine behov, og føresette kan velja kva dagar dei ynskjer barnehageplass.
 

Kontaktinformasjon

Aga barnehage

Syreflot 2
5776 Nå
  • E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
  • Telefon 53 66 23 36

Om barnehagen

Aga barnehage er ein kommunal 2 avdelings barnehage med eit leike og opphaldsareal på 153 m2 Småbarnsavdelinga heiter Tytebærtuo (Tuo) og storbarnsavdelinga Blåbærsteinen (Blå). Barnehagen si opningstid er kl. 06.45-16.15.

Aga barnehage sin visjon er: «Ein god start saman»

Hovudmålet er: «Gje alle barn som går i Aga barnehage opplevinga av den gode barndom»

Pedagogisk praksis:

Aga barnehage arbeider etter Kari Pape sin didaktiske modell «Frå plan til praksis».

Kinsarvik barnehage

Grytingsvegen 43

5780   Kinsarvik

  • E-Post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
  • Telefon: 53 66 33 23

Om barnehagen

Kinsarvik barnehage er ein kommunal 3 avdelings barnehage med eit leike og opphaldsareal på 354,2 m2. Småbarnsavdelingane, Raud og Grøn, har plass til 12 barn under tre år og storebarnesavdelinga, Blå, har plass til 30 barn over tre år. Denne avdelinga kan delast i to basar/avdelingar.

Barnehagen si opningstid er kl. 07.00-16.15

Kinsarvik barnehage sin visjon er:» Ein god plass å vera, ein god plass å læra!»

Hovudmålet er: «Skapa eit inkluderande miljø der alle barn opplever fellesskap, glede og meistring uansett bakgrunn»

Utne barnehage

5778 Utne

  • E-Post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
  • Telefon: 53 66 69 92

Om barnehagen

Utne barnehage er ein kommunal 2 avdelings barnehage med eit leike og opphaldsareal på 143 m2.. Storebarnsavdelinga heiter Raud og småbarnsavdelinga heiter Blå. Barnehagen si opningstid er kl. 07.00 til kl. 16.15.
Utne barnehage sin visjon er: «Utne barnehage – ein god start»

Veisane barnehage

Opedal
5781 Lofthus
  • E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
  • Telefon: 53 67 13 20

Om barnehagen

Veisane barnehage er ein kommunal 3 avdelings barnehage med eit leike og opphaldsareal på 184 m2. Barne gruppene/avdelingane er Eplegruppa for barn under 3 år, Pæregruppa og Kreativ for barn over 3 år.

Barnehagen si opningstid er kl: 07.00-16.15.

Veisane barnehage sin visjon er: «Veisane barnehage – god bagasje på livsreisa, alle utviklar den beste utgåva av seg sjølv»

Sekse barnehage

Sekse

5773 Hovland

  • E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
  • Heimeside: http://www.sekse.barnehageside.no

Telefon / Mobil: 53 66 19 42

Om barnehagen

Sekse barnehage er ein kommunal 3 avdelingsbarnehage i det det tidlegare skulebygget på Sekse. Barnehagen har eit leike og opphaldsareal på 175,5 m2.. Småbarnsavdelinga heiter Raud og avdelingane for barn over 3 år er Blå og Grøn.

Barnehagen si opningstid er kl. 07.00-16.30

Sekse barnehage sin visjon er: «Alle utviklar den beste utgåva av seg sjølv – ein barnehage med glade og samfunnsengasjerte barn og vaksne der leik og læring er ein naturleg del av kvardagen»

Vedtekter, reglement og barnehageruter 

Målgruppe

Born 0 til 6 år som bur i heradet.
Barn som er busett i Ullensvang herad har førsteretten til barnehageplass. 
Det kan søkjast plass i barnehage når barnet har fått personnummer. 
Barnet må vere fylt 10 månader før det kan begynne i barnehagen. 
Hovudopptak for ledige plassar for påfølgjande haust vert gjennomført i mars/april månad. Søknadsfrist til hovudopptaket vert annonsert kvart år. Opptak av barn vert gjort etter kvart som det vert ledige plassar elles i året.

Kriterium/vilkår

Desse blir prioriterte ved opptak:

  • Born med nedsett funksjonsevne
  • Born som barnevernstenesta har overteke omsorga for
  • Born som treng hjelpetiltak frå barnevernstenesta

Skjema

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Kommunen har plikt til å sørgje for denne tenesta.