Førebelse rekneskapstal viser eit overskot på kr 12 mill for Ullensvang herad. Netto driftsresultat er kr 7,6 mill eller 2,0% av brutto driftsinntekter (målsetting 1,75%).
Resultatet i 2017 skuldast hovudsakeleg:
- Auka rammetilskot og skatteinntekter
- Auka integreringstilskot flyktningar
- Lågare pensjonsutgifter
- God økonomistyring og kostnadskontroll
Kommunane i landet hadde ein skattevekst på 16,5% i desember månad samanlikna med same månad i 2016. Dette ser ut til å ha samanheng med ekstraordinært store uttak av utbyte som følgje av skattereformen. Meirskatteveksten gjer at Ullensvang herad får auka rammetilskot gjennom inntektsutjamninga.
Me har per 31.12.2017 disposisjonsfond på kr 38,5 mill eller 10% av brutto driftsinntekter. Dette er i tråd med målsettinga, og gjer oss godt rusta til å trå inn i ein ny kommune frå 2020.
Rådmannen vil takka alle leiarer og tilsette som har bidrege til eit godt resultat i 2017. Me kjem attende til ytterlegare kommentarar i årsmeldinga for 2017.