Avkøyrsel - privat avkøyrsel frå offentleg veg

Avkøyrsel - privat avkøyrsel frå offentleg veg

Generelt

Omtale

Heradet behandlar og godkjenner søknad som gjeld avkøyrsel frå kommunal veg:

  • Bygging av ny avkøyrsel
  • Flytting av avkøyrsel
  • Endra bruk av avkøyrsel

Denne tenesta gjeld avkøyrsel som ikkje er del av ei byggjesak. I så fall blir han behandla i byggjesaka. For avkøyrsel frå fylkesveg og riksveg skal søknaden sendast til høvesvis fylkeskommunen eller Vegdirektoratet.

Målgruppe

Grunneigarar og utbyggjarar

Kriterium/vilkår

Avkøyrsel er alle tilknyttingar mellom offentleg veg og privat eigedom, dvs. området frå vegkanten til tilstøytande privat terreng. Tiknytting for fotgjengarar blir også rekna som avkøyrsel. Avkøyrsla må byggjast i samsvar med reguleringsplanen til kommunen og retningsliner gjevne av staten og kommunen. Vegstyresmaktene legg ei vid tryggleiksvurdering til grunn. Dersom området ikkje er regulert eller det ikkje er planar for avkøyrsel i reguleringsplanen, skal søknaden behandlast etter føresegnene i veglova.

Samarbeidspartnere

Vegdirektoratet

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Sjå primært veglova (§§ 40-43 og § 13) med forskrifter (dersom området ikkje er regulert eller avkøyrsel ikkje er med i reguleringsplan). Sjå elles plan- og bygningslova §§ 66-67.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Heradet har rettleiingsplikt og gjev informasjon om korleis du skal søkje, kva for retningsliner som gjeld, og om området er regulert eller ikkje.

Vedlegg

Situasjonskart der avkøyrsla er teikna inn.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Moglegheit til klage

Dersom søknaden blir avslått, kan du klage på vedtaket. Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen skal sendast til den instansen som har gjort vedtaket. Klagen må vere grunngitt. Heradet vil kunne gje deg rettleiing.

Desom søknaden er behandla etter reguleringsplanen / plan- og bygningslova, kan avslaget klagast inn til Fylkesmannen. Klagen skal rettast til Fylkesmannen, men sendast til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom saka er behandla etter veglova, er det kommunen si eiga klagenemnd som er klageinstans. Før klagenemnda behandlar saka, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, går saka vidare til klagenemnda.