Søk

Emneord

Ullensvang herad tilbyr AvtaleGiro og eFaktura

AvtaleGiroKnapp4 Teikn avtale her!

Korleis inngå eFaktura og AvtaleGiro?

- Du kan velja mellom eFaktura, Avtalegiro eller ein kombinasjon av begge. Avtalen kan du enkelt opprette her: https://pvu.nets.no/pvu-suggestions/efaktura
- Logg deg inn i nettbanken din og finn Ullensvang herad som tilbyder av eFaktura og AvtaleGiro. Både innmelding, endring og avmelding kan du ordne sjølv i nettbanken.
- Når du betalar din neste rekning frå oss vil du i dei fleste nettbankar få opp tilbod om å oppretta en eFaktura- eller AvtaleGiro-avtale.
- Kontakt banken. Ta med faktura, referansenummer står på faktura.
- Merk at når du opprettar avtale er referansen knytt til kundenamnet på faktura!


Meir informasjon om eFaktura finn du på: www.efaktura.no/privat
Meir informasjon om avtalegiro finn du på www.avtalegiro.no/privat

 

Efaktura

FORDELER MED E-FAKTURA:

- Enkelt – du får alle rekningar frå heradet rett i nettbanken, ferdig utfylt til godkjenning.
- Oversiktleg – du kan sjå fakturadetaljar og rekningane vert lagra i nettbanken.
- Praktisk – du kan betala rekningane dine når som helst, kor du enn er.
- Fleksibelt – du kan endra både forfallsdato, beløp og belastningskonto. Du kan òg stoppa betalinga.
- Billeg – du får ingen fakturagebyr.
- Tidssparande – du treng ikkje å forhalda deg til lange KID-nummer eller annan betalingsinformasjon.
- Miljøvenleg – med eFaktura sparar du miljøet for unødig papirbruk.

 

Avtalegiro

FORDELER MED AVTALEGIRO:

- Enkelt og praktisk – banken sørger for at rekningane vert betalt automatisk på forfallsdato.
- Tidssparande – du treng ikkje å forhalda deg til lange KID-nummer eller annan betalingsinformasjon.
- Billig – du får ingen fakturagebyr og rekningane vert alltid betalt i tide slik at du unngår purringar og ekstra gebyr.
- Oversiktleg – du kan få varsel frå banken om trekk.
- Fleksibelt – du kan endre/stoppe betalinga i nettbanken. Du kan opprette avtalegiro på dei tenestene du ynskjer t.d kommunale avgifter, barnehage, husleige.
- Miljøvenleg – du sparar miljøet for unødig papirbruk.

Kontaktinformasjon

Ullensvang herad , Økonomikontoret tlf: 53 67 15 80

Epost: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.